Glimt frå Veslehaugen

Om smått og stort og handarbeid

  • Godt sagt:

    "Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei". (Jesus. Matteus 7.12)
  • Godt sagt 2

    "Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv!" Arnulf Øverland
  • Besøkjande

    • 16,903

Dagens tre lure…

Posted by gunnhild den januar 10, 2008

Når ein av ein eller annan grunn går heime i staden for å vere ute på jobb og blandt andre, er faren for at verden minkar ganske stor.

Ein har som oftast behov for å snakke med andre om kva ein gjer om dagane, og responsen på;

“Veit du; i dag har eg vaska badet!!!!”, er av forståelege grunnar ikkje alltid like spontan og entusiastisk.

Så difor:

  1. Les aviser
  2. Ikkje kjøp vekeblad
  3. Ikkje slå på tv-en før barne-tv.

Veit at eg nok ikkje er den mest rastlause sjela, men kva skal ein gjer for å ikkje få for tabloide og navlebeskuande interesser? Eg trur det gjer oss som personar mindre og mindre……

Det kjem sjølvsagt an på kva ein gjer i staden for…… Nokon forslag???

Handarbeid og radio!!!! (Wow, rock and roll;o)!!!!)

3 svar to “Dagens tre lure…”

  1. Solveig sagt

    Hei!
    Stadig noko nytt her inne :) Dette var ein fin design. Handarbeid og radio er ein fin kombinasjon. Det blir ofte laurdagsmenyen for meg. Men eg er litt irritert på sporten som skubbar vekk favorittprogramma no om vinteren. Det hender forresten at tv-en fungerer som radio også, iallfall når eg sit ved symaskina.
    Ha ei fin helg.
    SOlveig

  2. gunnhild sagt

    Koseleg å sjå litt aktivitet her inne. Ha ei fin helg du også.

  3. Hjalmar sagt

    Lure tre ting, Gunnhild. Trur det er viktig å halde seg oppdatert. Det er likevel enklare å kome på kva ein ikkje bør gjere enn motsett. Du bad om andre forslag. Eg trur følgjande tips er bra for sjelslivet:

    Lese gode bøker – er alltid bra for den mentale horisonten. (PS. “kafka på stranden” var fascinerande lesing, takk til Øyvind for den)
    Høyre på ny musikk – utfordrande for smaken. Eg har altfor lenge halde meg til ungdoms-hitane, men med elevar i ungdomsskulen er det greit å vite korleis Snoop Dogg skal skrivast – sjølv om han er jo passé allereie…
    Høyre på klassisk musikk.
    Gå seg lange turar.
    Skrive dagbok – men det gjer du jo kanskje allereie med denne bloggen…?

Skriv et svar

XHTML: Du kan bruke disse taggene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>