Bladspeling
Posted by gunnhild den januar 14, 2008
Tenkte eg skulle slå eit slag for bladspeling! Ein undervurdert aktivitet!
Eg fekk akkurat “the library of piano classics” i posten. Min kjære nestminstebror var så snill og bestille den for meg på ein nettstad der notar kosta forsvinnande lite. Så no sit eg og kosar meg med å knote fram kjende og ukjende perler. Ein utruleg givande aktivitet!
Tenk kor fantastisk at nokon ein gong har skrive ned desse teikna slik at eg kan leite fram nydelege akkordar og klangar her heime i mi eiga stove?!!
Jaja. Dagens filosofiske hjørne er over for i dag:o)

Laila sagt
Klarer du å spille rett fra bladet? Det hadde vært herlig å kunne. Selv må jeg ha litt tid på meg, før jeg klarer å få en flyt i det. Men så har jeg ikke øvd særlig aktivt på mange år, heller.
Gunnhild sagt
Flyt og flyt
Øving må vel alltid til for å få ting til å låte fint. Men, eg er framleis svært fasinert av det å “oppdage” nye songar ved bladspeling. Utruleg flott å høyre klangar og linjer dukke opp.