Her er dei tre prosjekta (jaja i tillegg til dei to som aldri vert ferdige
) eg held på med no for tida. Eg driv alltid på med fleire om gongen. Eg syns det er litt kjekt å variere undervegs.
Dette er eit sengeteppe til dobbeltseng. Fargane er vel kjende for den som har sett lenger nede på strikkesida. Dette vert strikka i rader slik at eg skulle spare meg litt arbeid med monteringa til slutt. Lurte ei stund på å hekle med Chili rundt kvar remse, men har slått det frå meg no. Prøvde på eit par, mener veldig usikker på korleis Chili-tråden oppfører seg i vaskemaskin når eg skal tove teppet til slutt. Då måtte eg evt. ha tova remsene fyrst, og hekla dei saman til slutt…. Ja, vi får sjå kva det vert til slutt.
Her er lappar til eit teppe/sengeteppe til enkeltseng. Eg har brukt dei same fargane før, men tenkte eg skulle ha litt jamnare fordeling av fargane på dette.
Dette skulle i utgangspunktet verte eit babyteppe. Men, det vart ikkje ferdig til babyen kom… Men, men. Nye babyar kjem vel:-). Desse lappane har eg strikka med ei vrang side og ei rett side. Arbeidet vert tynnare og eg bruker mykje mindre tråd. Får sjå korleis det oppfører seg når det vert tova.



1 response so far ↓
Synnøve // januar 21, 2008 kl. 4:22 pm |
Hei. Imponerande! Må berre tilføye at når du strikkar lappar så kan du ogs¨å bruke eit slags perlestrikk. Eg brukte t.d. 3r 3 vr i 4 rader og så 3 vr 3r i fire. 3 vassrett og 4 loddrett blir ca kvadrat. Sparer tråd i forhold til reint rettstrikk. blir meir stabilt enn glattstrikk.
Kode???