Nye tøfler
Posted by gunnhild den januar 24, 2008
Eg måtte berre prøve ut ein annan idè. Hekla ringar på strikka tøfler. Eg skal vidareutvikle denne tanken på ei veske eg har på idèstadiet oppe i toppen. Er dei for store, er det berre å vaske dei på 60 grader ein gong til, Kristin. Dei kjem kanskje ein dag for seint, men men…..

Ein av heklaringane på nært hald.
(“Heklaringane”? “Hekla-ringane”? Eller berre; “ein av dei hekla ringane”? Her må nok de nynorskspesialistar på bana. Eller kanskje ord-delings-spesialistane? Eg har vore utlending for lenge til å vere trygg på noko av det eg skriv lenger. Eg må vel skaffe meg ei ny nynorskordbok igjen. Eller ein korrekturlesar

Kristin sagt
TUSEN TAKK!! Dei er berre nydelege! Heklaringane (eg går for den skrivemåten
gjer dei heilt spesielle, og ideen om å putte slike på ei veske er jo kjempegod. Elles må eg berre legge til at eg syntes eg var kanskje litt vel frampå då eg ønskja meg sånne, men jammen har det vist seg lurt å vere litt frampå;-) Helsing Kristin – varm på fotane!