Glimt frå Veslehaugen

ny og gamal “posepose”

mars 26, 2008 · 5 Kommentarer

Ja, då var det på tide å takke den gamle “poseposen” for lang og tru teneste.

posepose.jpg

(ein ny “posepose” er fyllt opp, og den gamle takkar for seg)

Vi fekk den med svigerinne Anne Betty for ein del år sidan, og den har vore fast inventar på alle kjøkena der vi har budd sidan. No var den derimot lappa og fiksa så mykje på, at eg har hekla ein ny.

Kategorier: hekling
Tagged: ,

5 svar so far ↓

  • Synnøve // mars 26, 2008 kl. 8:46 pm | Svar

    kjempeflott posepose!
    lurer på korleis du heklar slike “hakk” i mønsteret…. kan berre striper, eg… har forresten slått meg på sjal for tida… snart ferdig med nr. 2.. klem

  • Marit svigerinne // mars 28, 2008 kl. 9:35 pm | Svar

    Den likte vi! Ha ei riktig god helg! Klem Marit Johanne

  • gunnhild // mars 29, 2008 kl. 2:47 pm | Svar

    Eg kan vise deg når vi treffast, Synnøve. Var litt vanskelig å forklare, sjølv om det eigentleg var veldig lett å hekle “hakka”…. Som du ser vert mønsteret meir og meir avansert etterkvart ;-) God helg til dykk også, Marit!

  • Kristin // april 1, 2008 kl. 9:57 am | Svar

    Eg har vore ein slapp bloggar i det siste, men her på Veslehaugen er det jo haugevis som skjer. Så mykje fint du har laga i det siste! Veldig flott posepose!

  • gunnhild // april 1, 2008 kl. 10:05 am | Svar

    Reknar med du har vore rimeleg aktiv i husprosjektet i staden for. Trass alt viktigare enn blogg?? ;-)

Skriv en kommentar