Tvågeopprydning

Eg har leita i nynorskordboka og fann absolutt ikkje ordet “tvåge” :-( Men, men. Eg tek sjansen på å bruke det likevel, og for dykk som av ein eller anna uforståeleg grunn ;-) ikkje har tilknytning til sunnmørsregionen; tvåge=klut, fille, oppvaskklut o.l.

Som ein del av dykk veit så bur vi no i vårt kjære oppussingsprosjekt (les; hus). Ein del midlertidige løysingar må det nødvendigvis verte før alt er ferdig, og på kjøkenet har dette gjort seg utslag i eit litt provisorisk system når det gjeld oppbevaring av klutar og tvåger.

gamlesystemet.jpg

Eg har difor brukt ein del restegarn og hekla ei slags “korg”.

korg-i-hylla-2.jpg
Litt mat, klutar og tvåger om kvarandre…..

broedkorg.jpg
Inspirasjonen henta eg sjølvsagt frå den fine brødkorga Eivind fekk til jul…..tvaagekorg-inni.jpg
Eg måtte “krympe botnen litt….
korg-oppe.jpg
Eit litt dåleg nærbilete med kantane oppe….
korg-paa-ovnen.jpg
Jepp, slik vart resultatet. Må eigentleg seie meg godt fornøgd :-)
    • Synnøve
    • april 1st, 2008

    nydeleg! fin idé også! og eg er fframleis like imponert over taggemønsteret ditt!

  1. Hei på deg! Gøy side du har! Min far sier ei tvåge , eks ei golvtvåge… koselig å se du gjør det. (Han er sunhordlending.) Klem magny :)

  2. Du er kjempeflink min venn! gleder oss til å se der om 3 uker!!! Må dere reise tidlig på e.m søndag???

    • gunnhild
    • april 6th, 2008

    Vi har ikkje bestemt kor lenge vi blir enno, men både Eivind og Josefine skal i utgangspunktet på jobb/skule tidleg mandag morgon… Men, Eivind er jo glad i å køyre på natta ;-)

  1. No trackbacks yet.