Glimt frå Veslehaugen

Lappejobb

april 10, 2008 · 1 kommentar

Ja, så måtte eg bøte tøflene endå ein gong. Dei er godt brukte, og det gjer at dei også må bøtast ofte. Eg likar kontrastfargar, så sjølv om jenta mi syns det ser veldig rart ut å reparere ei lilla tøfle med limegrønn tråd så tek eg sjansen. Det er eg som skal gå med dei, så då får eg heldigvis bestemme ;-)

Ei ny stjerne vert fødd oppå tøflene kvar gong eg bøter under. Så på ein måte er dei “levande” også.

Eg syns det er veldig viktig å reparere det som reparerast kan i staden for å kaste. Så noko av det kjekkaste eg høyrer er: “Mamma, kan du sy denne?”

Kategorier: sying · tenkjetanken
Tagged: , ,

1 response so far ↓

Skriv en kommentar