Vår
Posted by gunnhild den april 14, 2008
Endeleg! Sjølv om vinteren klorar seg fast, og vi idag har hatt både regn, sol og snø, så vitnar eggeglas rundt omkring i huset om at våren er her. Gule hestehovar, nokre blå som ser ut som snøklokker og kvite snøklokker pyntar borda på kjøkenet og i stova. I dag fann vi også blåveis! Det er veldig vanskelig for små fingrar som kriblar etter å plukke å la dei stå, dei er jo så fine!! Men dei er fine ute i naturen også, så no når vi veit kvar dei er, kan vi ta oss nokre turar dit og titte. Våren er her! Det gjer godt.
