Glimt frå Veslehaugen

Veske til bry

mai 30, 2008 · 5 Kommentarer

Eg har strikka ny veske. Den vart fin den, med fôr og to glidelåslommer. Ei lita til mobilen, og ei større til lommeboka.

Problemet såg eg fyrst etter den var ferdig og tatt i bruk. Eg har ingenting som passar til veska!!! Rosa og brun! Hallo! Ikkje akkurat det eg finn mest av i hyllene her, nei. No for tida trivst eg best i ein kongeblå topp. (dårleg kombinasjon). Elles brukar eg mykje raudt (ikkje mykje betre). Nei. Eg må nok tenkje litt lenger før eg set i gong med neste prosjekt. Eg får lage fôr til den gamle, grå veska mi. Den sklir litt lettare inn. Så får eg sjå om det blir litt brunt og gammelrosa i garderoben etterkvart. Eg tvilar litt…..

Kategorier: strikking · sying · tenkjetanken

5 svar so far ↓

  • Synnøve // mai 31, 2008 kl. 11:02 pm | Svar

    nydeleg veske! kanskje du berre skal bruke noko som er nøytralt til ho, eller noko i motsette fargar? ho kjem nok best fram om ho blir synleg. Her går det anten i raud og svart veske p.t. …eller lilla….
    Blomkarsefrøa mine spirer… sikkert blomstring i oktober ;)

  • miamor // juli 2, 2008 kl. 4:31 pm | Svar

    Hallo i sommervarmen!!

    Lite aktivitet i sommervarmen hos deg!

    er alt vel??

    Her er det maling av kommoder og rundstykkebaking i dag!
    Tove i ørsta fant meg på blogg! Koslig!

    Nydlig sommervær og Malene drar oss med på fjelltur!

    Det hjelper å be, Gunnhild!! Takk for god støtte ang. det du vet!! Sommerklem fra Marit

  • Gunnhild // juli 6, 2008 kl. 5:15 pm | Svar

    Ja, dårleg med aktivitet frå mi side i det siste. Ferie pluss at vi var utan breiband ei periode har gjort sitt. No er vi på bilferie og kosar oss på tur. Håper vi sjåast i løpet av sommaren

  • Tove Halse Digernes // juli 9, 2008 kl. 9:59 pm | Svar

    Hei fru Gunnhild! Lenge sidan du blogga no! Eg har gitt deg ein award i dag, du finn den på bloggen min! Kanskje vi ser dokke i sommar?

  • gunnhild // juli 11, 2008 kl. 8:18 am | Svar

    Ja, dessverre er det andre ting som tek over kvardagen for tida! Dataen er veldig langt bak på prioriteringslista akkurat no. Skulle tru ein fekk meir tid når det er late feriedagar, men dagane flyg! Vi skal ein tur til Ørsta litt seinare i sommar. Eg ringer og høyrer om de er heime! :-)

Skriv en kommentar