Julegåvene 2008
Posted by gunnhild den januar 10, 2009
I 2008 har eg som før hatt fleire julegåveprosjekt gåande samstundes. Eg trudde eg hadde berekna god tid, men jammen kom eg ikkje i tidsnød siste vekene likevel!! Eg får vel skulde litt på kranglete fingrar og hender som sette seg heilt på bakbeina i innspurten. Eg vart som vanleg ikkje heilt fornøgd med alle produkta, og som vanleg har eg også gløymt å ta bilete av dei fleste før eg sende dei frå meg
Men,men. Eg legg inn bilete av dei eg har her som ikkje vart ferdige, og Oddmar og Maren si julegåve som enno ikkje er komen i posten!!!! Jaja, kanskje kjekt med julegåver i februar også???
-
- “klutekorg”, eller alternativt brødkog. Denne er ikkje ferdig, den maglar botn. Den har eg hekla på dei som er ferdige, og så sydde eg for i lerretstoff til slutt. Nokre av dei vart veldig fine.
-
- Dette var ikkje så lett å sjå, men her er det ein klut, strikka i bommull, og ved sidan av ligg det rett og slett ein ertepose!
Denne innførselen ble innsendt januar 10, 2009 kl. 8:21 pm og er lagret under hekling, strikking, sying, toving. Du kan følge med på alle kommentarene til posten gjennom RSS 2.0 feed. Du kan legg inn et svar, eller trackback fra ditt eget nettsted.

