Konkurranse, del 2
Posted by gunnhild den juni 9, 2009
Etter at ein gravemaskingrabb absolutt ville ta ein bit av internettkabelen vår har det vore stille her ifrå dei siste to vekene. Eg har ikkje trena mykje, men kan legge til 216 situps. Kjekt å sjå at de held ut! No har vi bestilt mobilt bredbånd, så no blir det vel litt meir liv i leiren frå neste veke.
I dag er eg og Peter på biblioteket og nyter godt av det trådløse nettverket der. I morgon vert Josefine 10 år! Så vi må vel snart heim å rydde og pynte til det.
2466 + 216 = 2682
ok. Eg lovar å ta 108 når eg kjem heim… 2682 + 108 = 2790.
Hjalmar, Kristin eller Guro: ein av dykk klarer vel å runde 3000
gunnhild sagt
Ser at det vart litt rot i systemet no, så her er oppdaterte tal: 2671 + 216 + 108 + 108 = 3100!!
gunnhild sagt
Jepp, no er vi på nett igjen!! Johoo!! Dagens trening er unnagjort, så nye oppdaterte tal er: 3100 + 108 = 3208
gunnhild sagt
Dagens dose: 3208 + 108 = 3316
gunnhild sagt
Ser ut som dette prosjektet tar lang tid. Må visst mobilisere familie og venner igjen…. Uansett. Dagens 108 er unnagjort: 3316 + 108 = 3424
Gunnhild sagt
I dag (..og i går og i forgårs osv…) føles det som om eg kunne ha sove to døgn i strekk viss eg fekk sjansen… At det går an å vere så trøtt!!! Men, men. Trene må ein uansett, så: 3424 + 108 = 3532
Gunnhild sagt
I dag er Peter hos ein kamerat, eg på biblioteket og jobbar med oppgåve, men eg har fått inn litt trening på morgonkvisten; 3532 + 108 = 3640
Hjalmar sagt
Her er vi i gong igjen:
3640 + 108 = 3748
gunnhild sagt
Supert, Hjalmar. Eg tenkjer eg lagar ein statistikk etter kvart, så her er det berre å stå på! Dagens unnagjort:
3748 + 108 = 3856
gunnhild sagt
Dagens tur er gått og dagens øvingar trent:
3856 + 108 = 3964
gunnhild sagt
Ja, då var det påan igjen. Litt stiv i nakken etter treninga i går, så eg tok det litt pent i dag. Men, 108 for magen vart det
Jippi, runda 4000!!!
3964 + 108 = 4072
gunnhild sagt
I dag har eg jobba i hagen i eit FANTASTISK vêr!! Utruleg deilig! Men, litt trening på morgonkvisten vart det også:
4072 + 108 = 4180
Guro Åkre Follegg sagt
Kjenner jo at jeg blir sterk av dette. Det har vært tendenser til frafall fra meg i det siste…….men jeg vil være med mot 5000:
4180+108=4288
Du må spre dette, Gunhild………. er du klar over hvor mange nuller det er i 1 million?????????????
Guro Åkre Follegg sagt
4288 + 108= 4396
gunnhild sagt
Veldig bra Guro! Eg er ein fanatisk tilhengar av håplause prosjekt
Bra du er med fortsatt. Dagens er uannagjort, og no skal eg på universitetet og vere student nokre dagar. DET klaffa dårleg med det fine vêret!!! 
4396 + 108 = 4504
Hjalmar sagt
4505 + 108 = 4613
Hjalmar sagt
Eg ser det seik seg inn ein sit-up ekstra, gitt.
<no er han òg teken.