Arkiv for kategorien ‘hekling’
Posted by gunnhild den januar 10, 2009
I 2008 har eg som før hatt fleire julegåveprosjekt gåande samstundes. Eg trudde eg hadde berekna god tid, men jammen kom eg ikkje i tidsnød siste vekene likevel!! Eg får vel skulde litt på kranglete fingrar og hender som sette seg heilt på bakbeina i innspurten. Eg vart som vanleg ikkje heilt fornøgd med alle produkta, og som vanleg har eg også gløymt å ta bilete av dei fleste før eg sende dei frå meg
Men,men. Eg legg inn bilete av dei eg har her som ikkje vart ferdige, og Oddmar og Maren si julegåve som enno ikkje er komen i posten!!!! Jaja, kanskje kjekt med julegåver i februar også???
-
-
“klutekorg”, eller alternativt brødkog. Denne er ikkje ferdig, den maglar botn. Den har eg hekla på dei som er ferdige, og så sydde eg for i lerretstoff til slutt. Nokre av dei vart veldig fine.
-
-
Ja som de ser, samme produktet :-)
-
-
Dette var ikkje så lett å sjå, men her er det ein klut, strikka i bommull, og ved sidan av ligg det rett og slett ein ertepose!
-
-
Ein ferdig potteskjular, og ein som ikkje har fått broderi på seg enno.
Publisert i hekling, strikking, sying, toving | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den oktober 3, 2008

Ja, eg måtte stjele biletet frå Marit sin blogg, då eg gløymde å ta bilete før eg sende dei.
Dette er det siste tilskuddet på tøfletreet, men eg trur ikkje eg skal bruke fritidsgarn til pynt. Det vart litt for “tett” etter min smak. Men, men. Kos deg med tøflene, Marit! Og, gratulerer med overstått!
P.S (I heimen har vi framleis datatrøbbel, men er no på besøk hos mamma og pappa, og dei har ikkje datatrøbbel
)
Publisert i hekling, strikking, toving | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den april 25, 2008
Fyrste søndag i månaden går vi på Storsamling på Råholt menighetshus. Der kosar vi oss alle fire, og har funne eit miljø vi trivst i. Eg spelar som oftast piano på samlingane, og kvar gong før borna går ned på søndagsskule så syng vi ein song “Jeg vil dele min glede”. På denne songen tenkte eg vi kunne få borna med litt meir aktivt. Difor har eg tenkt at vi skulle adoptere ein idè frå frikyrkja i Ørsta, der borna er med å spelar på rytmeinstrument under songane på familiegudstenestene.
Rytmeinstrumenta treng ein plass å oppbevarast, så eg har hekla ei “rytmeinstrument-korg” som vi kan bruke å oppbevare instrumenta i. No har eg fått rydda skikkelig opp i restetrådane mine. No er eg klar for å starte med nye fargar !
Det var ein ekstra bonus. Bileta vart dårlege, men eg legg dei inn likevel.

Ja, så måtte eg ha litt ekstra instument, så nokre gamle fetaostglas og ballongar har blitt fylt med makaroni, perler og ris. Her er fetaostglaset med ris. Det vart finare og fekk litt betre lyd når eg pynta med perler rundt.

Eg har og brukt decoupage-lakk og dekt eit fetaostglas som det var makaroni inni. Så tok eg å fylte ein ballong med ris og perler, bles den litt opp, og dekte den med serviettbitar og lakka med decoupage. Det vart veldig bra lyd!! Anbefalast! Men, eg hadde litt lite lakk igjen, så den må behandlast forsiktig. Eg får styre den mot ein av dei større borna

Publisert i hekling, tenkjetanken | 3 Kommentarer »
Posted by gunnhild den april 1, 2008
Eg har leita i nynorskordboka og fann absolutt ikkje ordet “tvåge”
Men, men. Eg tek sjansen på å bruke det likevel, og for dykk som av ein eller anna uforståeleg grunn
ikkje har tilknytning til sunnmørsregionen; tvåge=klut, fille, oppvaskklut o.l.
Som ein del av dykk veit så bur vi no i vårt kjære oppussingsprosjekt (les; hus). Ein del midlertidige løysingar må det nødvendigvis verte før alt er ferdig, og på kjøkenet har dette gjort seg utslag i eit litt provisorisk system når det gjeld oppbevaring av klutar og tvåger.
Eg har difor brukt ein del restegarn og hekla ei slags “korg”.
Litt mat, klutar og tvåger om kvarandre…..
Inspirasjonen henta eg sjølvsagt frå den fine brødkorga Eivind fekk til jul…..
Eg måtte “krympe botnen litt….
Eit litt dåleg nærbilete med kantane oppe….
Jepp, slik vart resultatet. Må eigentleg seie meg godt fornøgd
Publisert i hekling, tenkjetanken | Merket med: hekling, kurv, korg | 4 Kommentarer »
Posted by gunnhild den mars 26, 2008
Ja, då var det på tide å takke den gamle “poseposen” for lang og tru teneste.
(ein ny “posepose” er fyllt opp, og den gamle takkar for seg)
Vi fekk den med svigerinne Anne Betty for ein del år sidan, og den har vore fast inventar på alle kjøkena der vi har budd sidan. No var den derimot lappa og fiksa så mykje på, at eg har hekla ein ny.
Publisert i hekling | Merket med: hekla, posepose | 5 Kommentarer »
Posted by gunnhild den februar 16, 2008
Publisert i hekling, strikking, toving | Merket med: tova, babyteppe | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den januar 24, 2008
Publisert i hekling, strikking, toving | Merket med: tøfler, tova, tovede | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den januar 20, 2008
Publisert i hekling | Merket med: hekla, penal | 10 Kommentarer »
Posted by gunnhild den januar 9, 2008
Måtte ha med eit bilete av denne løparen der eg fekk med dei fine tulipanane eg fekk til bursdagen også! Denne løparen er hekla på langs. Den andre på tvers.

Eg har vel hekla fem eller seks ulike dukar/løparar. Eg heklar med ulltråd og med fastmaskar. Løparen vert hekla i ring fyrst (slik som på slangen lenger nede på sida), og så klipper eg opp til slutt, syr eller heklar rundt kanten.


Publisert i hekling | Merket med: hekla duk, hekla løpar, heklet duk, heklet løper | 3 Kommentarer »
Posted by gunnhild den januar 9, 2008

Dette skulle verte dåpskjole til eldstejenta. Hadde tenkt å hekle skjørtet vidare slik som på biletet, og hekle ei remse med namn og dåpsdato som skulle henge utanpå. Slik kunne eg hekle ei ny remse for nestemann og eventuelle andre som brukte kjolen. God ide som aldri vart ferdig.

Publisert i hekling | Merket med: dåpskjole, hekla, heklet | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den januar 9, 2008

Slangen har no klart å verte heile fem år… Får vel gjere ein innsats der snart.

Publisert i hekling | Merket med: hekla slange | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den januar 3, 2008

I år klarte eg å kome til 15 posar. Kalenderposane er hekla i ull, og her har eg brukt forskjellig restegarn, så raudfargane er ikkje heilt like… Av ein eller annan grunn likte borna pepperkakene minst like godt som å få små ting i posane. Trur det nok er eg som har forventningar om ein flott kalender og ikkje dei. Dei var like fornøgde, om ikkje meir, det året dei fekk kvar sin 10-kroners sjokoladekalender…..

Publisert i hekling, tenkjetanken | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den desember 29, 2007
Her er eit bilete av sengeteppet eg hekla sist. Her har eg brukt Pt3, vamsegarn og chili

Publisert i hekling | 2 Kommentarer »