Arkiv for kategorien ‘tenkjetanken’
Posted by gunnhild den november 9, 2009

Dagen i dag går nok ikkje inn i historia som ein av mine beste dagar.
Nokre dagar er det berre ingenting som fungerer. Det er som om konsentrasjonene har tatt seg ein tur utan å lagt igjen melding om kvar …
Her sit eg og skal lese….. fag, men les nyheiter på nett.
Her sit eg og skal skrive……….oppgåve, men skriv blogg.
Sjekkar stadig vekk om eg har gløymt å skru på lyden på mobilen…
Alle “skulle” og “burde” veks over hovudet…
I ei tid då eg skulle vore strukturert og ta kontroll, vise handlekraft og klokskap, finn eg meg sjølv virrande rundt, ubesluttsom og rastlaus som om eg akkurat har vorte kasta ut av ein svirrande tekopp på tivoli.
Då er det ganske facinerande, og litt rart, å tenkje på at dagen i dag like gjerne kan vere den beste dagen i ditt liv….
Publisert i tenkjetanken | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den juli 21, 2009
Hehe.. dette ser ut til å bli ei “never ending story” Jaja. Får berre leggje seg i selen og trene vidare. Peter har begynt å hjelpe meg litt, så i dag har han også trena.

Håper regnet vil gi seg, for i dag skal eg grave ferdig sandkassa. Svigerfar ringte og sa han kjem med eit STORT lass sand, så då er det berre å grave! Så medan eg grev, satsar eg på at du tek eit par ekstra situps og skriv dei inn i kommentarfeltet!
(En million er utruleg mykje…….)
Publisert i ein million situps, tenkjetanken, ting og tang | 20 Kommentarer »
Posted by gunnhild den juli 9, 2009
Medan eg har hatt ein liten datapause så har vi gjort unna ein liten svipptur til Kristiansand, handla kajakk og feira 18 års brullupsdag!
6.7 var den store dagen, men så råflott feiring lar vi andre ta seg av, så pizza i Arendal med alle fire var i grunnen veldig bra.
I fjor trakk eg fram “dagane” med Odd Nordstoga. I år vil eg gjerne dele ein god Joni Mitchell tekst som aldri vert gamal. Den skildrar kanskje ikkje mitt og Eivind sitt ekteskap på ein prikk, men teksta er likevel ein av mine absolutte favorittar, der den kanskje skildrar at verda ikkje alltid er det den ser ut til i fyrste omgong….. Eg gler meg til kvar dag med Eivind, og syns det er ganske fantastisk å stadig oppdage nye sider ved kvarandre og nye retningar vi kan gå… saman.
PS. Fekk du veldig lyst til å høyre denne no, så anbefalar eg 2000-versjonen veldig…..
Both sides now

Rows and Flows of angel hair
ice cream castles in the air
feather canyons everywhere
I’ve looked at clouds that way
But now they only block the sun
They rain and snow on everyone
So many things I would have done
But clouds got in my way
I’ve looked at clouds from both sides now
From up and down, and still somehow
It’s cloud illusions I recall
I really don’t know clouds at all
Moons and Junes and Ferris wheels
The dizzy dancing way you feel
As every fairy tale comes real
I’ve looked at love that way
But now it’s just another show
You leave ‘em laughing when you go
And if you care, don’t let them know
Don’t give yourself away
I’ve looked at love from both sides now
From give and take, and still somehow
It’s love’s illusions I recall
I really don’t know love at all
Tears and fears and feeling proud
To say “I love you” right out loud
Dreams and schemes and circus crowds
I’ve looked at life that way
Oh but now old friends are acting strange
They shake their heads, they tell me that I’ve changed
Well something’s lost but something’s gained
In living every day
I’ve looked at life from both sides now
From win and lose and still somehow
It’s life’s illusions I recall
I really don’t know life at all
I’ve looked at life from both sides now
From up and down and still somehow
It’s life’s illusions I recall
I really don’t know life at all
Publisert i tenkjetanken | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den juni 24, 2009
Ja, eg har blitt mint på kor mange nullar det er i en million. Men, som eg har sagt før så er eg eigentleg ein fanatisk tilhengjar av håplause prosjekt! Dette kan ein vel lett tilføye i ein slik kategori, men; eg (og forhåpentlegvis eit par andre) gir meg ikkje før eg har kome til en million situps (eller mageøvingar. Eg sit absolutt ikkje heilt opp!!!!!)
Så her er det berre å henge seg på for eventuelt nye sjåarar, og keep up the good work mine allereie gode medhjelparar!
Alle treng ein sterk mage for å få ein sterk rygg!!
Tren magen, og føy til på kommentarfeltet!
Publisert i ein million situps, tenkjetanken | 13 Kommentarer »
Posted by gunnhild den juni 9, 2009
Etter at ein gravemaskingrabb absolutt ville ta ein bit av internettkabelen vår har det vore stille her ifrå dei siste to vekene. Eg har ikkje trena mykje, men kan legge til 216 situps. Kjekt å sjå at de held ut! No har vi bestilt mobilt bredbånd, så no blir det vel litt meir liv i leiren frå neste veke.
I dag er eg og Peter på biblioteket og nyter godt av det trådløse nettverket der. I morgon vert Josefine 10 år! Så vi må vel snart heim å rydde og pynte til det.
2466 + 216 = 2682
ok. Eg lovar å ta 108 når eg kjem heim… 2682 + 108 = 2790.
Hjalmar, Kristin eller Guro: ein av dykk klarer vel å runde 3000
Publisert i ein million situps, tenkjetanken | 16 Kommentarer »
Posted by gunnhild den mai 16, 2009
Ja, her er det ikkje mykje aktivitet for tida. Eg les og skriv så mykje eg kan, og data begrenser seg for tida til aviser, it’s learning og…. facebook. Prøver å begrense det også. Korleis kan eg vel lære borna godt nettvett, og samstundes forsvare timar framfor dataen med eigentleg ganske så perifere vener….?
Jaja. tilbake til konkurransa. Eg har som de kanskje veit vore dårleg dei siste åra, og har kome til at eg må gjere det eg kan for å få så gode dagar som mogleg. Dette medfører jobbing med helse og vekt…. Mykje vondt = lite aktivitet = alt for mange kilo = endå dårligare helse….
Så her godtfolk er konkurransa: Eg trenar ryggen kvar dag, og då må ein også trene magen. Kor lenge går det før vi klarer å nå 1 000 000 situps?
Eg tek 108 situps i det vanlege treningsprogrammet. Det er ikkje alle dagar eg gjer det, men skal prøve å gjere det kvar dag. Det høyres mykje ut med 108, men det er med korsryggen i golvet heile tida!!! 3X12 rette og 3X12 skrå høgre og venstre. Har du tatt situps ein dag så før det på i kommentarfeltet, så får nestemann plusse på sitt i neste kommentar.
Blir det ingen andre med så tek det meg 9254 dagar å nå målet, eller 25 år!!! Så dette er vel eigentleg eit fullstendig urealistisk mål, men slikt likar vi
God trening!
Publisert i ein million situps, tenkjetanken, ting og tang | 33 Kommentarer »
Posted by gunnhild den mars 24, 2009
Eg har som ein del av dykk veit no fire års handarbeidspause. Eg har starta på masterstudiet i utdanningsledelse, og tenkte at all ledig tid burde gå til lesing og skriving istadenfor handarbeid. Vi får sjå om det held…
Uansett så vil eg leggje ut ei lenkje her til den fyrste offentlege meiningsytringa mi
Vi vert på studiet “tvinga” til å sende oppgåver til “autentiske mottakarar”, ei ny, nifs og artig oppleving. Denne kronikken er vel verken vanskeleg å vere einig i eller spesielt revolusjonerande. men, god trening i å meine noko offentleg.
Her er innlegget
Publisert i tenkjetanken | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den september 25, 2008
Ja, i sommar har vi vorte veldig godt kjend med fenomenet torden. Vi hadde ei periode med særs mykje av sorten, og som følge av det så var vi ei stund internettlause. Ny router og diverse jobbing med nabonettverket vårt gjorde at internett no har verka lenge, med eit par kjedelge unntak. Så lenge vi ikkje skal laste opp noko frå maskina vår går det bra. Sider med passord går ikkje alltid, og oppdatering av bloggen går heller ikkje.
Men, for alle som lurer er produksjonen med nål og pinnar på topp. Julemodus er skrudd på for lenge sidan. Prototypane er ferdige, og masseproduksjonen er i gong. Forhåpentlegvis kjem det snart bilete
Publisert i tenkjetanken | 3 Kommentarer »
Posted by gunnhild den juli 11, 2008

Eg og Eivind har no vore gift i over 17 år!!
Akkurat på bryllupsdagen den 6.7 var vi fire i Umeå på veg heim frå årets bilferie. Bileter får kome seinare….
Ein liten kjærleikssong er vel på sin plass. Denne av Odd Nordstoga har ei nydeleg tekst og ein fantastisk melodi.
DAGANE
Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv
Og kvar dag den var av sølv,
for du gylte kvar ein augneblink med hugen fri
Og blenda var eg med på reisa di
Dagar som sand ut av hendene renn
Om du tvilar, ja, så kjenn
Den eine som den andre ut i vinden fer,
og tida som me har den reiser der
Lov meg å vera hjå meg all din dag
Ja, det lova me i lag
Så gav eg deg ein ring, ja det var lettvint gjort
Så luskar og den dagen stille bort
Så langt
Så langt
Så som vinden greier å jaga bylgjene blå
Der skal eg fylgje de, min venn
Der skal me finne dei igjen
Og ute luskar styggen
og skiljer deg frå meg
Og visste me, så hadde me
nok kome oss i veg
Og eg ha’ bore deg på armen
gjennom skog og over fjell
Og du ha’ halde meg i handa
gjennom juv og myrke gjel
Og eg ha’ strekt meg etter deg
og du ha’ strekt deg etter meg
Så langt
Så langt
Så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå
Der skal eg fylgje deg, min venn
Der ska me finne dei igjen.
Eg har trudd at teksta var :” Og eg HAR bore deg på armen….” Kanskje får teksta litt anna betydning hvis det er HADDE istaden. Men, men. Eg vel å høyre HAR….
Å beskrive eit samliv i få ord er ikkje lett, men at eg kvar dag vaknar saman med min beste ven er eit stort privilegium. Vi har mange og lange kaffestunder ved kjøkenbordet og vert aldri tome for interessante tema å diskutere… 17 år er kanskje lengje, men det har gått fort, og eg ville ikkje ha bytta vekk ein einaste dag.
Publisert i tenkjetanken | 5 Kommentarer »
Posted by gunnhild den juli 11, 2008
Publisert i tenkjetanken | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den mai 30, 2008
Eg har strikka ny veske. Den vart fin den, med fôr og to glidelåslommer. Ei lita til mobilen, og ei større til lommeboka.




Problemet såg eg fyrst etter den var ferdig og tatt i bruk. Eg har ingenting som passar til veska!!! Rosa og brun! Hallo! Ikkje akkurat det eg finn mest av i hyllene her, nei. No for tida trivst eg best i ein kongeblå topp. (dårleg kombinasjon). Elles brukar eg mykje raudt (ikkje mykje betre). Nei. Eg må nok tenkje litt lenger før eg set i gong med neste prosjekt. Eg får lage fôr til den gamle, grå veska mi. Den sklir litt lettare inn. Så får eg sjå om det blir litt brunt og gammelrosa i garderoben etterkvart. Eg tvilar litt…..
Publisert i strikking, sying, tenkjetanken | 5 Kommentarer »
Posted by gunnhild den mai 17, 2008

Gratulerer med dagen alle saman!

Jepp, det er 17. mai, kl er 06.55 og DET SNØR!!!! Heldigvis har meldingane om massivt regn vorte modererte, men regnet (les; snøen) skal etter yr.no sine prognoser kome akkurat medan barnetoget er ute og togar. Borna har fått nye paraplyar, så får eg og Eivind grave litt i skuffer og skap og sjå om vi klarer å finne fram ein paraply vi også.
Publisert i tenkjetanken | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den april 25, 2008
Fyrste søndag i månaden går vi på Storsamling på Råholt menighetshus. Der kosar vi oss alle fire, og har funne eit miljø vi trivst i. Eg spelar som oftast piano på samlingane, og kvar gong før borna går ned på søndagsskule så syng vi ein song “Jeg vil dele min glede”. På denne songen tenkte eg vi kunne få borna med litt meir aktivt. Difor har eg tenkt at vi skulle adoptere ein idè frå frikyrkja i Ørsta, der borna er med å spelar på rytmeinstrument under songane på familiegudstenestene.
Rytmeinstrumenta treng ein plass å oppbevarast, så eg har hekla ei “rytmeinstrument-korg” som vi kan bruke å oppbevare instrumenta i. No har eg fått rydda skikkelig opp i restetrådane mine. No er eg klar for å starte med nye fargar !
Det var ein ekstra bonus. Bileta vart dårlege, men eg legg dei inn likevel.

Ja, så måtte eg ha litt ekstra instument, så nokre gamle fetaostglas og ballongar har blitt fylt med makaroni, perler og ris. Her er fetaostglaset med ris. Det vart finare og fekk litt betre lyd når eg pynta med perler rundt.

Eg har og brukt decoupage-lakk og dekt eit fetaostglas som det var makaroni inni. Så tok eg å fylte ein ballong med ris og perler, bles den litt opp, og dekte den med serviettbitar og lakka med decoupage. Det vart veldig bra lyd!! Anbefalast! Men, eg hadde litt lite lakk igjen, så den må behandlast forsiktig. Eg får styre den mot ein av dei større borna

Publisert i hekling, tenkjetanken | 3 Kommentarer »
Posted by gunnhild den april 14, 2008

Endeleg! Sjølv om vinteren klorar seg fast, og vi idag har hatt både regn, sol og snø, så vitnar eggeglas rundt omkring i huset om at våren er her. Gule hestehovar, nokre blå som ser ut som snøklokker og kvite snøklokker pyntar borda på kjøkenet og i stova. I dag fann vi også blåveis! Det er veldig vanskelig for små fingrar som kriblar etter å plukke å la dei stå, dei er jo så fine!! Men dei er fine ute i naturen også, så no når vi veit kvar dei er, kan vi ta oss nokre turar dit og titte. Våren er her! Det gjer godt.
Publisert i tenkjetanken | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den april 10, 2008
Ja, så måtte eg bøte tøflene endå ein gong. Dei er godt brukte, og det gjer at dei også må bøtast ofte. Eg likar kontrastfargar, så sjølv om jenta mi syns det ser veldig rart ut å reparere ei lilla tøfle med limegrønn tråd så tek eg sjansen. Det er eg som skal gå med dei, så då får eg heldigvis bestemme
Ei ny stjerne vert fødd oppå tøflene kvar gong eg bøter under. Så på ein måte er dei “levande” også.
Eg syns det er veldig viktig å reparere det som reparerast kan i staden for å kaste. Så noko av det kjekkaste eg høyrer er: “Mamma, kan du sy denne?”




Publisert i sying, tenkjetanken | Merket med: bøte, reparere, tøfler | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den april 7, 2008
No har eg prøvd i fleire dagar å lage nye postar her på bloggen, men får ikkje lagt inn bilete lenger!!! Eg har prøvd alle tips eg fann på supportsidene, men ingenting verkar!!! Er det nokon andre worpress-bloggarar som har nokre gode råd???
Publisert i tenkjetanken | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den april 1, 2008
Eg har leita i nynorskordboka og fann absolutt ikkje ordet “tvåge”
Men, men. Eg tek sjansen på å bruke det likevel, og for dykk som av ein eller anna uforståeleg grunn
ikkje har tilknytning til sunnmørsregionen; tvåge=klut, fille, oppvaskklut o.l.
Som ein del av dykk veit så bur vi no i vårt kjære oppussingsprosjekt (les; hus). Ein del midlertidige løysingar må det nødvendigvis verte før alt er ferdig, og på kjøkenet har dette gjort seg utslag i eit litt provisorisk system når det gjeld oppbevaring av klutar og tvåger.
Eg har difor brukt ein del restegarn og hekla ei slags “korg”.
Litt mat, klutar og tvåger om kvarandre…..
Inspirasjonen henta eg sjølvsagt frå den fine brødkorga Eivind fekk til jul…..
Eg måtte “krympe botnen litt….
Eit litt dåleg nærbilete med kantane oppe….
Jepp, slik vart resultatet. Må eigentleg seie meg godt fornøgd
Publisert i hekling, tenkjetanken | Merket med: hekling, kurv, korg | 4 Kommentarer »
Posted by gunnhild den mars 18, 2008
påskeferie
høgtlesing
snøsmelting
blide born
glade foreldre
synge minst 15 songar når borna skal leggje seg
kanskje lese 5 bøker også
kven har det travelt?
tv er ikkje viktigare, husarbeid er ikkje viktigare, datamaskina er ikkje viktigare
bruke lang tid på lesing og synging?
Ja, det er viktigare
mmmm….er ikkje så verst med påske
Publisert i tenkjetanken | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den februar 20, 2008
- Den einaste gongen det verkeleg er viktig kva flis du vèl når du skal pusse opp, er akkurat når du står i butikken og samanliknar….. Når flisene ligg der, gjer det VELDIG liten forskjel om det var den dyre eller den billige du kjøpte (Ja, unntatt i lommeboka då
)
- Definisjonen på ein rik mann: “ein som tener 1000 kr meir enn mannen til søstera”. Har ein så ein klarar seg så kjem resten bere an på kven ein samanliknar seg med. Ein fotballspelar som tener 5 millionar i året syns kanskje likevel han tener for lite hvis det er andre på laget som tener 7 millionar
Publisert i tenkjetanken | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den januar 29, 2008
Huset ville ha vorte stengt med umiddelbar verknad om mattilsynet hadde tatt ein inspeksjon, kroppen skrik etter ein dusj, tennene helst treng barberhøvel istadenfor tannkost….
Ja, det er sikre teikn på at kreativiteten blomstrar.
Har vore på biblioteket og lånt bøker om nuno-filting og vore på “tråd- og stoffbutikken” og hamstra. So no skal eg teste ut endå ein idè som har vakse fram dei siste dagane. Den som tittar innom får sjå……
(ok, skal dusje!!!!)
(kanskje rydde også
)
(…..og heilt sikkert pusse tennene
)
Publisert i tenkjetanken | 1 Kommentar »