Arkiv for kategorien ‘toving’
Posted by gunnhild den januar 10, 2009
I 2008 har eg som før hatt fleire julegåveprosjekt gåande samstundes. Eg trudde eg hadde berekna god tid, men jammen kom eg ikkje i tidsnød siste vekene likevel!! Eg får vel skulde litt på kranglete fingrar og hender som sette seg heilt på bakbeina i innspurten. Eg vart som vanleg ikkje heilt fornøgd med alle produkta, og som vanleg har eg også gløymt å ta bilete av dei fleste før eg sende dei frå meg
Men,men. Eg legg inn bilete av dei eg har her som ikkje vart ferdige, og Oddmar og Maren si julegåve som enno ikkje er komen i posten!!!! Jaja, kanskje kjekt med julegåver i februar også???
-
-
“klutekorg”, eller alternativt brødkog. Denne er ikkje ferdig, den maglar botn. Den har eg hekla på dei som er ferdige, og så sydde eg for i lerretstoff til slutt. Nokre av dei vart veldig fine.
-
-
Ja som de ser, samme produktet :-)
-
-
Dette var ikkje så lett å sjå, men her er det ein klut, strikka i bommull, og ved sidan av ligg det rett og slett ein ertepose!
-
-
Ein ferdig potteskjular, og ein som ikkje har fått broderi på seg enno.
Publisert i hekling, strikking, sying, toving | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den oktober 3, 2008

Ja, eg måtte stjele biletet frå Marit sin blogg, då eg gløymde å ta bilete før eg sende dei.
Dette er det siste tilskuddet på tøfletreet, men eg trur ikkje eg skal bruke fritidsgarn til pynt. Det vart litt for “tett” etter min smak. Men, men. Kos deg med tøflene, Marit! Og, gratulerer med overstått!
P.S (I heimen har vi framleis datatrøbbel, men er no på besøk hos mamma og pappa, og dei har ikkje datatrøbbel
)
Publisert i hekling, strikking, toving | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den mars 29, 2008
Gratulerer med dagen, Tone

Håper dei passar!
Publisert i strikking, toving | Merket med: tøfler, tova, tovede | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den mars 4, 2008
Josefine har diktert desse tøflene som ho ville ha.

Litt forsterka under hælane

Jammen vart det ikkje eit par baytøfler også ein sein kveldstime…
Publisert i strikking, toving | Merket med: tøfler, tova, babytøfler, tovede | 5 Kommentarer »
Posted by gunnhild den februar 16, 2008
Publisert i hekling, strikking, toving | Merket med: tova, babyteppe | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den februar 4, 2008
Publisert i strikking, toving | Merket med: babysko, babytøfler, tøfler | 2 Kommentarer »
Posted by gunnhild den januar 24, 2008
Publisert i hekling, strikking, toving | Merket med: tøfler, tova, tovede | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den januar 20, 2008
Her er dei tre prosjekta (jaja i tillegg til dei to som aldri vert ferdige
) eg held på med no for tida. Eg driv alltid på med fleire om gongen. Eg syns det er litt kjekt å variere undervegs.
Dette er eit sengeteppe til dobbeltseng. Fargane er vel kjende for den som har sett lenger nede på strikkesida. Dette vert strikka i rader slik at eg skulle spare meg litt arbeid med monteringa til slutt. Lurte ei stund på å hekle med Chili rundt kvar remse, men har slått det frå meg no. Prøvde på eit par, mener veldig usikker på korleis Chili-tråden oppfører seg i vaskemaskin når eg skal tove teppet til slutt. Då måtte eg evt. ha tova remsene fyrst, og hekla dei saman til slutt…. Ja, vi får sjå kva det vert til slutt.
Her er lappar til eit teppe/sengeteppe til enkeltseng. Eg har brukt dei same fargane før, men tenkte eg skulle ha litt jamnare fordeling av fargane på dette.
Dette skulle i utgangspunktet verte eit babyteppe. Men, det vart ikkje ferdig til babyen kom… Men, men. Nye babyar kjem vel:-). Desse lappane har eg strikka med ei vrang side og ei rett side. Arbeidet vert tynnare og eg bruker mykje mindre tråd. Får sjå korleis det oppfører seg når det vert tova.
Publisert i strikking, toving | Merket med: sengeteppe, tova, strikka, sjøgrønn | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den januar 1, 2008

Til siste barnedåpen strikka eg eit hav av desse serviettringane. Dei er tova i vaskemaskin, og pynta med ståltråd og perler. Her er eit lite utval.

Publisert i strikking, toving | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den januar 1, 2008
Eit par bileter av mi GODT brukte veske. Strikka og tova.


Publisert i strikking, toving | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den januar 1, 2008
Her er to variantar av dei lilla tøflene. Den eine med grøn kontrastfarge og den andre utan. Her har eg også brukt fritidsgarn.

Publisert i strikking, toving | Merket med: tøfler, tova, tovede | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den januar 1, 2008

Desse tøflene likte eg veldig godt. Dei vart dessverre litt “klumpete” etter tovinga. Einaste forklaringa eg kan kome opp med må være at den orange tråden sannsynlegvis har vore bleika før farging. Den oppførte seg iallefall heilt annleis enn tråden til dei lilla tøflene…
Publisert i strikking, toving | Merket med: tøfler | 1 Kommentar »
Posted by gunnhild den desember 29, 2007

Dette har eg også tova i vaskemaskin. Fargene har eg tatt frå ei Chili-nøste. Det var ein lillafarge der også, men eg klarte ikkje å finne mørk nok lilla… Teppet er strikka ei og ei rute, og sydd saman til slutt. Eg har brukt Pt3, Pt2 og fritidsgarn
Publisert i strikking, toving | Merket med: sengeteppe, tova, strikke | Leave a Comment »
Posted by gunnhild den desember 29, 2007
Her er eit anna sengeteppe. Det har eg også tova i vaskemaskin. Her har eg også brukt Pt3. Pt2 og fritidsgarn. Fargekombinasjonn fann eg også her i eit chili-garn.

Publisert i strikking, toving | Leave a Comment »