Glimt frå Veslehaugen

Om smått og stort og handarbeid

  • Godt sagt:

    "Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei". (Jesus. Matteus 7.12)
  • Godt sagt 2

    "Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv!" Arnulf Øverland
  • Besøkjande

    • 16,973

Kaker og mat og slikt

Kanskje skal ein ikkje legge ut statsløyndomar på denne måten, men pågangen etter desse kaken var så stor at eg satsar på å leggje dei ut her. Så får dei opprinnelege opphavsmennene/-kvinnene tilgje denne skjødeslause omgangen med godt bevarte løyndomar……

Mamma si kubbekake

Lag fyrst: Mandelkubbar

  • 2 små egg
  • 220 g sukker
  • 220 g kveitemjøl
  • 1 stor ts hjortetakksalt
  • 55 g malte mandler

Visp egg og sukker godt saman. Tilset mandlane og mjølet med hjotetakksalt. Trill deigen ut i tynne stenger i langfingers lengde. (dette kan vere ganske klissete) Steik desse på ca 200 grader til dei er lys gule. Bruk bakepapir. Legg dei ikkje for tett, då dei hevar seg ganske mykje.

Så lagar du: Mokkasaus

  • 5 eggeplommar
  • 250 g sukker
  • 250 g margarin
  • 2 dl sterk, avkjølt kaffe (gjerne espresso)


Bland alt saman i ei gryte, og rør med tresleiv. Rør heile tida over svak varme til det tjuknar. (dette tar tid…) Pass på varmen så det ikkje kokar. For mykje varme gjer at egga klumpar seg. Blandinga skal ikkje vere tjukk som ein graut.

Fyll ei brødform med mandelkubbar. Hell den varme sausen over og press saman med ei skei. La dette stå til neste dag. Dypp forma ein augneblink i varmt vatn, løys rundt kanten med ein kniv og kvelv den over på eit serveringsfat. Pynt med krem.

Tone sin bærkrem

  • 1/3 l kremfløte
  • 1 pk vaniljekrem (kanskje 1/2 liter?)
  • 1 pk pikekyss/marengs (200 – 250 g)
  • 1 liter bær (rips eller bringebær er veldig godt)


Pisk kremen, knus marengsen og bland alt saman. FERDIG!!! :-)

4 svar to “Kaker og mat og slikt”

  1. Tove Halse Digernes sagt

    Kubbekaka høyrest fantastisk god ut – denne må prøvast! Men skal kubbane ligge fint dandert i forma, i fleire lag?

  2. gunnhild sagt

    Absolutt kjempegod!!! Berre stable alle kubbane så godt som mogleg til forma er full. Eg har ei 2 liters form, og brukar å få eit par fire, fem kubbar til overs.

  3. Kristin sagt

    Så bra! Veit ikkje kor mange gongar eg har vore ute denne oppskrifta og masa på deg og andre om å fote ho fram. No har eg ho alltid online! Dette er rett og slett ei perle av ei kake!

  4. Gunnhild sagt

    Ja, veit som sagt ikkje om eg bryt nokre uskrivne reglar om å ikkje offentleggjere dei beste oppskriftene. Men, eg syns det er viktigare at folk bakar og lagar mat sjølv…..

Skriv et svar

XHTML: Du kan bruke disse taggene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>