Hekla duk

Måtte ha med eit bilete av denne løparen der eg fekk med dei fine tulipanane eg fekk til bursdagen også! Denne løparen er hekla på langs. Den andre på tvers.

tulipanar-og-duk.jpg

Eg har vel hekla fem eller seks ulike dukar/løparar. Eg heklar med ulltråd og med fastmaskar. Løparen vert hekla i ring fyrst (slik som på slangen lenger nede på sida), og så klipper eg opp til slutt, syr eller heklar rundt kanten.

duk-detalj.jpg

duk-1.jpg


Nokre prosjekt vert visst aldri ferdige… 2

daapskjole1.jpg

Dette skulle verte dåpskjole til eldstejenta. Hadde tenkt å hekle skjørtet vidare slik som på biletet, og hekle ei remse med namn og dåpsdato som skulle henge utanpå. Slik kunne eg hekle ei ny remse for nestemann og eventuelle andre som brukte kjolen. God ide som aldri vart ferdig.

daapskjole-detalj.jpg


Nokre prosjekt vert visst aldri vert ferdige…. 1

slange-detalj.jpg

Slangen har no klart å verte heile fem år… Får vel gjere ein innsats der snart.

slange-1.jpg


Adventskalender

kalender-1.jpg

I år klarte eg å kome til 15 posar. Kalenderposane er hekla i ull, og her har eg brukt forskjellig restegarn, så raudfargane er ikkje heilt like… Av ein eller annan grunn likte borna pepperkakene minst like godt som å få små ting i posane. Trur det nok er eg som har forventningar om ein flott kalender og ikkje dei. Dei var like fornøgde, om ikkje meir, det året dei fekk kvar sin 10-kroners sjokoladekalender…..

kalender-3.jpg

Serviettringar

serviettringar-2.jpg

Til siste barnedåpen strikka eg eit hav av desse serviettringane. Dei er tova i vaskemaskin, og pynta med ståltråd og perler. Her er eit lite utval.

serviettringar2.jpg

Veske

Eit par bileter av mi GODT brukte veske. Strikka og tova.

veske2.jpg

veske-1.jpg

Babydress

dress.jpg

Minstemann brukte denn fyrste året. No har den vorte dress til storedokka.

lilla tøfler

Her er to variantar av dei lilla tøflene. Den eine med grøn kontrastfarge og den andre utan. Her har eg også brukt fritidsgarn.

l1.jpg

orange tøfler med lilla ringar

o11.jpg

Desse tøflene likte eg veldig godt. Dei vart dessverre litt “klumpete” etter tovinga. Einaste forklaringa eg kan kome opp med må være at den orange tråden sannsynlegvis har vore bleika før farging. Den oppførte seg iallefall heilt annleis enn tråden til dei lilla tøflene…

God jul og godt nytt år!

Helsar dykk alle med eit lite englekor…..

englar.jpg

Skjørt

s12.jpg

Dette skjørtet vart til i ei fart. Eg skulle på julefest med eldstejenta si klasse, og hadde lyst på eit “vinterskjørt”. To utslitte dongeribukser vart klipt opp, og ein og ein lapp sydd på. Her er nok mykje å ta tak i for ein som kan å sy. Ingen reglar er fulgt, og ingenting er beint og rett. Men, det er det beste skjørtet eg har hatt nokon gong:o)

s23.jpg


Blått/ grønt sengeteppe

sengeteppe-blaa-2.jpg

Dette har eg også tova i vaskemaskin. Fargene har eg tatt frå ei Chili-nøste. Det var ein lillafarge der også, men eg klarte ikkje å finne mørk nok lilla… Teppet er strikka ei og ei rute, og sydd saman til slutt. Eg har brukt Pt3, Pt2 og fritidsgarn

Raudt/ orange sengeteppe

Her er eit anna sengeteppe. Det har eg også tova i vaskemaskin. Her har eg også brukt Pt3. Pt2 og fritidsgarn. Fargekombinasjonn fann eg også her i eit chili-garn.

sengeteppe-orange.jpg

sengeteppe

sengeteppe-stort.jpg

Her er eit bilete av sengeteppet eg hekla sist. Her har eg brukt Pt3, vamsegarn og chili

sengeteppe-stort-detalj.jpg

Litt vidare om korleis vi møter folk…

Høyrde ei andakt i dag om at Gud ikkje gjer forskjel på folk. Tenk om vi kunne seie det same om oss sjølve. Det er alt for lett å setje folk i bås. Lett er det, og ofte har eg eit sterkt behov for det også.

Fekk eingong ein faldar i posten om ein som snakka om diverse kristne saker. Eg vart sitjande å leite etter om det stod nokon plass kva kyrkjesamfunn han kom ifrå. Det stod ikkje der… Eg merka eg hadde problemer med å vite om eg skulle vere einig i det som stod der, berre fordi eg ikkje visste heilt kva bås eg skulle putte han i. Rart…

Noko å tenkje på i dag….

Kva spør du om når du møter nye menneske?

Kva dei driv med?

Korleis kan ein spørje om “kven er du?”, utan nødvendigvis å kople det til kva yrke ein har? Det er ikkje alltid like kjekt å svare; “nei, eg jobbar ikkje no… “

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.