Flying high…

fly

 

 

 

 

 

 

Løft blikket…..

Tapasfavoritt

Tapas har i fleire år vore ein favoritt her i heimen. Her er ein variant av kjøtbollar vi har brukt veldig monge gonger! Må smakast! Mmmmmm…

  • 500 g kjøtdeig
  • 1 ts salt
  • 0,5 ts pepper
  • 1 egg
  • 100 g chorizopølse
  • 1 dl fetaost i bitar (gjerne marinert m/krydder)
  • 2 ss frisk basilikum i små bitar

Steik kjøtbollar i ei middels varm steikepanne i smør. Eg steiker dei litt i panna og så litt på svak varme i steikeomnen etterpå.

…ro meg over…

Ro meg over
Denne broa kan jeg aldri bygge
Ro meg over
Før jeg brenner ut og sovner inn
Fortell meg om kjærlighet
Som er mer enn det første skritt
På en gammel vei
Til trøtthet og stengte sinn
Ro meg over
Ro meg over
For i dette land er jeg en fremmed
Ro meg over
Så jeg tør å møte blikket ditt
Her skal vi finne et hus
Uten gamle skap og slitte bilder
Det var aldri mitt
Ro meg over dit hvor drømmen aldri sover
Før meg dit så jeg kan holde det jeg lover
Gi meg hjertebank og sjelefred
Ro meg over
Ta meg med
Ro meg over dit hvor drømmen aldri sover
Før meg dit så jeg kan holde det jeg lover
Gi meg hjertebank og sjelefred
Ro meg over
Ta meg med
Ro meg over dit hvor drømmen aldri sover

Skippertak

Eg vil med dette slå eit slag for oss skippertak-mennesker! Vi har alltid høyrt at skippertak er dumt, og at vi må jobbe jamt og trutt…. Eg vil berre seie at eg har gode erfaringar med å jobbe i rykk og napp!!

I og med at det var vanskelig å illustrere skippertak med bilete, så legg eg ved eit nydeleg bilete av eit tre som speglar seg i vatnet…. mmmm… til å få sjelefred av

Dagen i dag

1.1765826!img1765721

Dagen i dag går nok ikkje inn i historia som ein av mine beste dagar.

Nokre dagar er det berre ingenting som fungerer. Det er som om konsentrasjonene har tatt seg ein tur utan å lagt igjen melding om kvar …

Her sit eg og skal lese….. fag, men les nyheiter på nett.

Her sit eg og skal skrive……….oppgåve, men skriv blogg.

Sjekkar stadig vekk om eg har gløymt å skru på lyden på mobilen…

Alle “skulle” og “burde” veks over hovudet…

I ei tid då eg skulle vore strukturert og ta kontroll, vise handlekraft og klokskap, finn eg meg sjølv virrande rundt, ubesluttsom og rastlaus som om eg akkurat har vorte kasta ut av ein svirrande tekopp på tivoli.

Då er det ganske facinerande, og litt rart, å tenkje på at dagen i dag like gjerne kan vere den beste dagen i ditt liv….

Bilbane

Størstejenta hadde fått strikka lue og puter, og så var det minsteguten sin tur til å få noko. Spørsmålet var kva? Han valde då….. bilbane! Så no er då sannsynlegvis verdas fyrste strikka restetråd-bilbane innstallert på guteromet! Kanten rundt er hekla. Bileta kjem i morgon 🙂

Del 4

Hehe.. dette ser ut til å bli ei “never ending story” Jaja. Får berre leggje seg i selen og trene vidare. Peter har begynt å hjelpe meg litt, så i dag har han også trena.

Håper regnet vil gi seg, for i dag skal eg grave ferdig sandkassa. Svigerfar ringte og sa han kjem med eit STORT lass sand, så då er det berre å grave! Så medan eg grev, satsar eg på at du tek eit par ekstra situps og skriv dei inn i kommentarfeltet! 

(En million er utruleg mykje…….)