Det eg driv med no….

Her er dei tre prosjekta (jaja i tillegg til dei to som aldri vert ferdige 🙂 ) eg held på med no for tida. Eg driv alltid på med fleire om gongen. Eg syns det er litt kjekt å variere undervegs.

stort-sengeteppe.jpg

Dette er eit sengeteppe til dobbeltseng. Fargane er vel kjende for den som har sett lenger nede på strikkesida. Dette vert strikka i rader slik at eg skulle spare meg litt arbeid med monteringa til slutt. Lurte ei stund på å hekle med Chili rundt kvar remse, men har slått det frå meg no. Prøvde på eit par, mener veldig usikker på korleis Chili-tråden oppfører seg i vaskemaskin når eg skal tove teppet til slutt. Då måtte eg evt. ha tova remsene fyrst, og hekla dei saman til slutt…. Ja, vi får sjå kva det vert til slutt.

nytt-store-ruter.jpg

Her er lappar til eit teppe/sengeteppe til enkeltseng. Eg har brukt dei same fargane før, men tenkte eg skulle ha litt jamnare fordeling av fargane på dette.

nytt-sma-ruter.jpg

Dette skulle i utgangspunktet verte eit babyteppe. Men, det vart ikkje ferdig til babyen kom… Men, men. Nye babyar kjem vel:-). Desse lappane har eg strikka med ei vrang side og ei rett side. Arbeidet vert tynnare og eg bruker mykje mindre tråd. Får sjå korleis det oppfører seg når det vert tova.

Advertisements
    • Synnøve
    • januar 21st, 2008

    Hei. Imponerande! Må berre tilføye at når du strikkar lappar så kan du ogs¨å bruke eit slags perlestrikk. Eg brukte t.d. 3r 3 vr i 4 rader og så 3 vr 3r i fire. 3 vassrett og 4 loddrett blir ca kvadrat. Sparer tråd i forhold til reint rettstrikk. blir meir stabilt enn glattstrikk.
    Kode??? 😉

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: