Veske til bry

Eg har strikka ny veske. Den vart fin den, med fôr og to glidelåslommer. Ei lita til mobilen, og ei større til lommeboka.

Problemet såg eg fyrst etter den var ferdig og tatt i bruk. Eg har ingenting som passar til veska!!! Rosa og brun! Hallo! Ikkje akkurat det eg finn mest av i hyllene her, nei. No for tida trivst eg best i ein kongeblå topp. (dårleg kombinasjon). Elles brukar eg mykje raudt (ikkje mykje betre). Nei. Eg må nok tenkje litt lenger før eg set i gong med neste prosjekt. Eg får lage fôr til den gamle, grå veska mi. Den sklir litt lettare inn. Så får eg sjå om det blir litt brunt og gammelrosa i garderoben etterkvart. Eg tvilar litt…..

Advertisements
    • Synnøve
    • mai 31st, 2008

    nydeleg veske! kanskje du berre skal bruke noko som er nøytralt til ho, eller noko i motsette fargar? ho kjem nok best fram om ho blir synleg. Her går det anten i raud og svart veske p.t. …eller lilla….
    Blomkarsefrøa mine spirer… sikkert blomstring i oktober 😉

  1. Hallo i sommervarmen!!

    Lite aktivitet i sommervarmen hos deg!

    er alt vel??

    Her er det maling av kommoder og rundstykkebaking i dag!
    Tove i ørsta fant meg på blogg! Koslig!

    Nydlig sommervær og Malene drar oss med på fjelltur!

    Det hjelper å be, Gunnhild!! Takk for god støtte ang. det du vet!! Sommerklem fra Marit

  2. Ja, dårleg med aktivitet frå mi side i det siste. Ferie pluss at vi var utan breiband ei periode har gjort sitt. No er vi på bilferie og kosar oss på tur. Håper vi sjåast i løpet av sommaren

    • Tove Halse Digernes
    • juli 9th, 2008

    Hei fru Gunnhild! Lenge sidan du blogga no! Eg har gitt deg ein award i dag, du finn den på bloggen min! Kanskje vi ser dokke i sommar?

    • gunnhild
    • juli 11th, 2008

    Ja, dessverre er det andre ting som tek over kvardagen for tida! Dataen er veldig langt bak på prioriteringslista akkurat no. Skulle tru ein fekk meir tid når det er late feriedagar, men dagane flyg! Vi skal ein tur til Ørsta litt seinare i sommar. Eg ringer og høyrer om de er heime! 🙂

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: