17 år!

Eg og Eivind har no vore gift i over 17 år!!

Akkurat på bryllupsdagen den 6.7 var vi fire i Umeå på veg heim frå årets bilferie.  Bileter får kome seinare….

Ein liten kjærleikssong er vel på sin plass. Denne av Odd Nordstoga har ei nydeleg tekst og ein fantastisk melodi.

DAGANE

Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv
Og kvar dag den var av sølv,
for du gylte kvar ein augneblink med hugen fri
Og blenda var eg med på reisa di

Dagar som sand ut av hendene renn
Om du tvilar, ja, så kjenn
Den eine som den andre ut i vinden fer,
og tida som me har den reiser der

Lov meg å vera hjå meg all din dag
Ja, det lova me i lag
Så gav eg deg ein ring, ja det var lettvint gjort
Så luskar og den dagen stille bort

Så langt
Så langt
Så som vinden greier å jaga bylgjene blå
Der skal eg fylgje de, min venn
Der skal me finne dei igjen

Og ute luskar styggen
og skiljer deg frå meg
Og visste me, så hadde me
nok kome oss i veg
Og eg ha» bore deg på armen
gjennom skog og over fjell
Og du ha» halde meg i handa
gjennom juv og myrke gjel
Og eg ha» strekt meg etter deg
og du ha» strekt deg etter meg

Så langt
Så langt
Så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå
Der skal eg fylgje deg, min venn
Der ska me finne dei igjen.

Eg har trudd at teksta var :» Og eg HAR bore deg på armen….» Kanskje får teksta litt anna betydning hvis det er HADDE istaden. Men, men. Eg vel å høyre HAR…. 🙂

Å beskrive eit samliv i få ord er ikkje lett, men at eg kvar dag vaknar saman med min beste ven er eit stort privilegium. Vi har mange og lange kaffestunder ved kjøkenbordet og vert aldri tome for interessante tema å diskutere… 17 år er kanskje lengje, men det har gått fort, og eg ville ikkje ha bytta vekk ein einaste dag.

Advertisements
    • Tove Halse Digernes
    • juli 15th, 2008

    Hei kjære Gunnhild, og gratulerer med 17 innhaldsrike og lærerike år! Eg og Terje runda 8 år i sommar, berre småtteri i forhold til dokke…. Håper alt er bra med dokke og at ferieturen gjekk fint. Kanskje vi ser dokke i Ørsta i sommar eller haust? Det er travle tider her, med tre ungar som alle vil forskjellige ting, og ein mann som jobbar til halv ni kvar kveld. Då verkar plutseleg lærarferien litt lang…. Men skal ikkje klage – vi får tida til å gå! Ta gjerne ein kik innom bloggen min for siste oppdateringar i kvardagen vår!

    Klem, Tove

  1. Herlig nytt innlegg!! Tenkt mye på Elske, ære og akte i det siste! Ber om å få ny innsikt i dett i vårt 18 årige ekteskap! Klem

  2. Dette var IKKE fra Geir Egil men fra MARIT-svigerinne!!!

    • Line
    • august 25th, 2008

    Måtte berre legge att ein kommentar når eg såg at bryllaupsdagen dokka er på min bursdag:)
    Nydeleg tekst!!

    • Ragnhild Huse
    • januar 10th, 2009

    Åh… hjartet mitt vart rørt…. nydeleg å høyre kor flinke de er å ha det godt. Sukk… Vi har det slik vi og, – om enn litt meir kaos og bråk rundt kaffistundene, med 4 aktive born frå 3 – 10 år…Men at eg vaknar med min beste ven kvar morgon er sikkert! Berre at det ligg eit par born i halvmeteren mellom oss som regel…haha! 😉

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: