Archive for the ‘ ein million situps ’ Category

Del 4

Hehe.. dette ser ut til å bli ei «never ending story» Jaja. Får berre leggje seg i selen og trene vidare. Peter har begynt å hjelpe meg litt, så i dag har han også trena.

Håper regnet vil gi seg, for i dag skal eg grave ferdig sandkassa. Svigerfar ringte og sa han kjem med eit STORT lass sand, så då er det berre å grave! Så medan eg grev, satsar eg på at du tek eit par ekstra situps og skriv dei inn i kommentarfeltet! 

(En million er utruleg mykje…….)

Advertisements

Konkurranse, del 3

Ja, eg har blitt mint på kor mange nullar det er i en million. Men, som eg har sagt før så er eg eigentleg ein fanatisk tilhengjar av håplause prosjekt! Dette kan ein vel lett tilføye i ein slik kategori, men; eg (og forhåpentlegvis eit par andre) gir meg ikkje før eg har kome til en million situps (eller mageøvingar. Eg sit absolutt ikkje heilt opp!!!!!)

Så her er det berre å henge seg på for eventuelt nye sjåarar, og keep up the good work mine allereie gode medhjelparar!

Alle treng ein sterk mage for å få ein sterk rygg!!

Tren magen, og føy til på kommentarfeltet!

Konkurranse, del 2

Etter at ein gravemaskingrabb absolutt ville ta ein bit av internettkabelen vår har det vore stille her ifrå dei siste to vekene. Eg har ikkje trena mykje, men kan legge til 216 situps. Kjekt å sjå at de held ut! No har vi bestilt mobilt bredbånd, så no blir det vel litt meir liv i leiren frå neste veke.

I dag er eg og Peter på biblioteket og nyter godt av det trådløse nettverket der. I morgon vert Josefine 10 år! Så vi må vel snart heim å rydde og pynte til det.

2466 + 216 = 2682

ok. Eg lovar å ta 108 når eg kjem heim… 2682 + 108 = 2790.

Hjalmar, Kristin eller Guro: ein av dykk klarer vel å runde 3000 🙂

Konkurranse!

Ja, her er det ikkje mykje aktivitet for tida. Eg les og skriv så mykje eg kan, og data begrenser seg for tida til aviser,  it’s learning og…. facebook. Prøver å begrense det også. Korleis kan eg vel lære borna godt nettvett, og samstundes forsvare timar framfor dataen med eigentleg ganske så perifere vener….?

Jaja. tilbake til konkurransa. Eg har som de kanskje veit vore dårleg dei siste åra, og har kome til at eg må gjere det eg kan for å få så gode dagar som mogleg. Dette medfører jobbing med helse og vekt…. Mykje vondt = lite aktivitet = alt for mange kilo = endå dårligare helse….

Så her godtfolk er konkurransa: Eg trenar ryggen kvar dag, og då må ein også trene magen. Kor lenge går det før vi klarer å nå 1 000 000 situps?

Eg tek 108 situps i det vanlege treningsprogrammet. Det er ikkje alle dagar eg gjer det, men skal prøve å gjere det kvar dag. Det høyres mykje ut med 108, men det er med korsryggen i golvet heile tida!!! 3X12 rette og 3X12 skrå høgre og venstre. Har du tatt situps ein dag så før det på i kommentarfeltet, så får nestemann plusse på sitt i neste kommentar.

Blir det ingen andre med så tek det meg 9254 dagar å nå målet, eller 25 år!!! Så dette er vel eigentleg eit fullstendig urealistisk mål, men slikt likar vi 🙂

God trening!