Archive for the ‘ hekling ’ Category

Julegåvene 2008

I 2008 har eg som før hatt fleire julegåveprosjekt gåande samstundes. Eg trudde eg hadde berekna god tid, men jammen kom eg ikkje i tidsnød siste vekene likevel!! Eg får vel skulde litt på kranglete fingrar og hender som sette seg heilt på bakbeina i innspurten. Eg vart som vanleg ikkje heilt fornøgd med alle produkta, og som vanleg har eg også gløymt å ta bilete av dei fleste før eg sende dei frå meg 😦 Men,men. Eg legg inn bilete av dei eg har her som ikkje vart ferdige, og Oddmar og Maren si julegåve som enno ikkje er komen i posten!!!! Jaja, kanskje kjekt med julegåver i februar også???

Miamor sine «labbar»

Ja, eg måtte stjele biletet frå Marit sin blogg, då eg gløymde å ta bilete før eg sende dei.

Dette er det siste tilskuddet på tøfletreet, men eg trur ikkje eg skal bruke fritidsgarn til pynt. Det vart litt for «tett» etter min smak. Men, men. Kos deg med tøflene, Marit! Og, gratulerer med overstått!

P.S (I heimen har vi framleis datatrøbbel, men er no på besøk hos mamma og pappa, og dei har ikkje datatrøbbel 😉 )

Skramleorkester

Fyrste søndag i månaden går vi på Storsamling på Råholt menighetshus. Der kosar vi oss alle fire, og har funne eit miljø vi trivst i. Eg spelar som oftast piano på samlingane, og kvar gong før borna går ned på søndagsskule så syng vi ein song «Jeg vil dele min glede». På denne songen tenkte eg vi kunne få borna med litt meir aktivt. Difor har eg tenkt at vi skulle adoptere ein idè frå frikyrkja i Ørsta, der borna er med å spelar på rytmeinstrument under songane på familiegudstenestene.

Rytmeinstrumenta treng ein plass å oppbevarast, så eg har hekla ei «rytmeinstrument-korg» som vi kan bruke å oppbevare instrumenta i. No har eg fått rydda skikkelig opp i restetrådane mine. No er eg klar for å starte med nye fargar ! 🙂 Det var ein ekstra bonus. Bileta vart dårlege, men eg legg dei inn likevel.

Ja, så måtte eg ha litt ekstra instument, så nokre gamle fetaostglas og ballongar har blitt fylt med makaroni, perler og ris. Her er fetaostglaset med ris. Det vart finare og fekk litt betre lyd når eg pynta med perler rundt.

Eg har og brukt decoupage-lakk og dekt eit fetaostglas som det var makaroni inni. Så tok eg å fylte ein ballong med ris og perler, bles den litt opp, og dekte den med serviettbitar og lakka med decoupage. Det vart veldig bra lyd!! Anbefalast! Men, eg hadde litt lite lakk igjen, så den må behandlast forsiktig. Eg får styre den mot ein av dei større borna 🙂

Tvågeopprydning

Eg har leita i nynorskordboka og fann absolutt ikkje ordet «tvåge» 😦 Men, men. Eg tek sjansen på å bruke det likevel, og for dykk som av ein eller anna uforståeleg grunn 😉 ikkje har tilknytning til sunnmørsregionen; tvåge=klut, fille, oppvaskklut o.l.

Som ein del av dykk veit så bur vi no i vårt kjære oppussingsprosjekt (les; hus). Ein del midlertidige løysingar må det nødvendigvis verte før alt er ferdig, og på kjøkenet har dette gjort seg utslag i eit litt provisorisk system når det gjeld oppbevaring av klutar og tvåger.

gamlesystemet.jpg

Eg har difor brukt ein del restegarn og hekla ei slags «korg».

korg-i-hylla-2.jpg
Litt mat, klutar og tvåger om kvarandre…..

broedkorg.jpg
Inspirasjonen henta eg sjølvsagt frå den fine brødkorga Eivind fekk til jul…..tvaagekorg-inni.jpg
Eg måtte «krympe botnen litt….
korg-oppe.jpg
Eit litt dåleg nærbilete med kantane oppe….
korg-paa-ovnen.jpg
Jepp, slik vart resultatet. Må eigentleg seie meg godt fornøgd 🙂

ny og gamal «posepose»

Ja, då var det på tide å takke den gamle «poseposen» for lang og tru teneste.

posepose.jpg

(ein ny «posepose» er fyllt opp, og den gamle takkar for seg)

Vi fekk den med svigerinne Anne Betty for ein del år sidan, og den har vore fast inventar på alle kjøkena der vi har budd sidan. No var den derimot lappa og fiksa så mykje på, at eg har hekla ein ny.

Babyteppe

lite-teppe.jpg
Teppe til baby F

Nye tøfler

kristin-sine-toefler.jpg