Archive for the ‘ strikking ’ Category

Bilbane

Størstejenta hadde fått strikka lue og puter, og så var det minsteguten sin tur til å få noko. Spørsmålet var kva? Han valde då….. bilbane! Så no er då sannsynlegvis verdas fyrste strikka restetråd-bilbane innstallert på guteromet! Kanten rundt er hekla. Bileta kjem i morgon 🙂

Advertisements

Julegåvene 2008

I 2008 har eg som før hatt fleire julegåveprosjekt gåande samstundes. Eg trudde eg hadde berekna god tid, men jammen kom eg ikkje i tidsnød siste vekene likevel!! Eg får vel skulde litt på kranglete fingrar og hender som sette seg heilt på bakbeina i innspurten. Eg vart som vanleg ikkje heilt fornøgd med alle produkta, og som vanleg har eg også gløymt å ta bilete av dei fleste før eg sende dei frå meg 😦 Men,men. Eg legg inn bilete av dei eg har her som ikkje vart ferdige, og Oddmar og Maren si julegåve som enno ikkje er komen i posten!!!! Jaja, kanskje kjekt med julegåver i februar også???

Miamor sine «labbar»

Ja, eg måtte stjele biletet frå Marit sin blogg, då eg gløymde å ta bilete før eg sende dei.

Dette er det siste tilskuddet på tøfletreet, men eg trur ikkje eg skal bruke fritidsgarn til pynt. Det vart litt for «tett» etter min smak. Men, men. Kos deg med tøflene, Marit! Og, gratulerer med overstått!

P.S (I heimen har vi framleis datatrøbbel, men er no på besøk hos mamma og pappa, og dei har ikkje datatrøbbel 😉 )

Veske til bry

Eg har strikka ny veske. Den vart fin den, med fôr og to glidelåslommer. Ei lita til mobilen, og ei større til lommeboka.

Problemet såg eg fyrst etter den var ferdig og tatt i bruk. Eg har ingenting som passar til veska!!! Rosa og brun! Hallo! Ikkje akkurat det eg finn mest av i hyllene her, nei. No for tida trivst eg best i ein kongeblå topp. (dårleg kombinasjon). Elles brukar eg mykje raudt (ikkje mykje betre). Nei. Eg må nok tenkje litt lenger før eg set i gong med neste prosjekt. Eg får lage fôr til den gamle, grå veska mi. Den sklir litt lettare inn. Så får eg sjå om det blir litt brunt og gammelrosa i garderoben etterkvart. Eg tvilar litt…..

Tøfler til Tone

toefler-tone-3.jpg
Gratulerer med dagen, Tone 🙂 Håper dei passar!

toefler-til-tone.jpg

To par tøfler til….

Josefine har diktert desse tøflene som ho ville ha.

josefine-toefler.jpg

Litt forsterka under hælane

josefine-toefler-under.jpg

Jammen vart det ikkje eit par baytøfler også ein sein kveldstime…babytoefler-2.jpg

Endå fleire tøfler….

Eg byrjer å lure på om eg må døype om sida mi til «Glimt frå ei tøfleverd»

tofler-william.jpg

Les meir