Archive for the ‘ sying ’ Category

Julegåvene 2008

I 2008 har eg som før hatt fleire julegåveprosjekt gåande samstundes. Eg trudde eg hadde berekna god tid, men jammen kom eg ikkje i tidsnød siste vekene likevel!! Eg får vel skulde litt på kranglete fingrar og hender som sette seg heilt på bakbeina i innspurten. Eg vart som vanleg ikkje heilt fornøgd med alle produkta, og som vanleg har eg også gløymt å ta bilete av dei fleste før eg sende dei frå meg 😦 Men,men. Eg legg inn bilete av dei eg har her som ikkje vart ferdige, og Oddmar og Maren si julegåve som enno ikkje er komen i posten!!!! Jaja, kanskje kjekt med julegåver i februar også???

Veske til bry

Eg har strikka ny veske. Den vart fin den, med fôr og to glidelåslommer. Ei lita til mobilen, og ei større til lommeboka.

Problemet såg eg fyrst etter den var ferdig og tatt i bruk. Eg har ingenting som passar til veska!!! Rosa og brun! Hallo! Ikkje akkurat det eg finn mest av i hyllene her, nei. No for tida trivst eg best i ein kongeblå topp. (dårleg kombinasjon). Elles brukar eg mykje raudt (ikkje mykje betre). Nei. Eg må nok tenkje litt lenger før eg set i gong med neste prosjekt. Eg får lage fôr til den gamle, grå veska mi. Den sklir litt lettare inn. Så får eg sjå om det blir litt brunt og gammelrosa i garderoben etterkvart. Eg tvilar litt…..

Lappejobb

Ja, så måtte eg bøte tøflene endå ein gong. Dei er godt brukte, og det gjer at dei også må bøtast ofte. Eg likar kontrastfargar, så sjølv om jenta mi syns det ser veldig rart ut å reparere ei lilla tøfle med limegrønn tråd så tek eg sjansen. Det er eg som skal gå med dei, så då får eg heldigvis bestemme 😉

Ei ny stjerne vert fødd oppå tøflene kvar gong eg bøter under. Så på ein måte er dei «levande» også.

Eg syns det er veldig viktig å reparere det som reparerast kan i staden for å kaste. Så noko av det kjekkaste eg høyrer er: «Mamma, kan du sy denne?»

Skjørt

s12.jpg

Dette skjørtet vart til i ei fart. Eg skulle på julefest med eldstejenta si klasse, og hadde lyst på eit «vinterskjørt». To utslitte dongeribukser vart klipt opp, og ein og ein lapp sydd på. Her er nok mykje å ta tak i for ein som kan å sy. Ingen reglar er fulgt, og ingenting er beint og rett. Men, det er det beste skjørtet eg har hatt nokon gong:o)

s23.jpg