Archive for the ‘ ting og tang ’ Category

Del 4

Hehe.. dette ser ut til å bli ei «never ending story» Jaja. Får berre leggje seg i selen og trene vidare. Peter har begynt å hjelpe meg litt, så i dag har han også trena.

Håper regnet vil gi seg, for i dag skal eg grave ferdig sandkassa. Svigerfar ringte og sa han kjem med eit STORT lass sand, så då er det berre å grave! Så medan eg grev, satsar eg på at du tek eit par ekstra situps og skriv dei inn i kommentarfeltet! 

(En million er utruleg mykje…….)

Konkurranse!

Ja, her er det ikkje mykje aktivitet for tida. Eg les og skriv så mykje eg kan, og data begrenser seg for tida til aviser,  it’s learning og…. facebook. Prøver å begrense det også. Korleis kan eg vel lære borna godt nettvett, og samstundes forsvare timar framfor dataen med eigentleg ganske så perifere vener….?

Jaja. tilbake til konkurransa. Eg har som de kanskje veit vore dårleg dei siste åra, og har kome til at eg må gjere det eg kan for å få så gode dagar som mogleg. Dette medfører jobbing med helse og vekt…. Mykje vondt = lite aktivitet = alt for mange kilo = endå dårligare helse….

Så her godtfolk er konkurransa: Eg trenar ryggen kvar dag, og då må ein også trene magen. Kor lenge går det før vi klarer å nå 1 000 000 situps?

Eg tek 108 situps i det vanlege treningsprogrammet. Det er ikkje alle dagar eg gjer det, men skal prøve å gjere det kvar dag. Det høyres mykje ut med 108, men det er med korsryggen i golvet heile tida!!! 3X12 rette og 3X12 skrå høgre og venstre. Har du tatt situps ein dag så før det på i kommentarfeltet, så får nestemann plusse på sitt i neste kommentar.

Blir det ingen andre med så tek det meg 9254 dagar å nå målet, eller 25 år!!! Så dette er vel eigentleg eit fullstendig urealistisk mål, men slikt likar vi 🙂

God trening!

Adventskalender anno 2008

dsc01136

Her er årets utgåve av adventskalenderen!

(Endeleg har eg fått lagt inn bilete igjen, takk Synnøve!!)