Kaker og mat og slikt

Kanskje skal ein ikkje legge ut statsløyndomar på denne måten, men pågangen etter desse kaken var så stor at eg satsar på å leggje dei ut her. Så får dei opprinnelege opphavsmennene/-kvinnene tilgje denne skjødeslause omgangen med godt bevarte løyndomar……

Mamma si kubbekake

Lag fyrst: Mandelkubbar

  • 2 små egg
  • 220 g sukker
  • 220 g kveitemjøl
  • 1 stor ts hjortetakksalt
  • 55 g malte mandler

Visp egg og sukker godt saman. Tilset mandlane og mjølet med hjotetakksalt. Trill deigen ut i tynne stenger i langfingers lengde. (dette kan vere ganske klissete) Steik desse på ca 200 grader til dei er lys gule. Bruk bakepapir. Legg dei ikkje for tett, då dei hevar seg ganske mykje.

Så lagar du: Mokkasaus

  • 5 eggeplommar
  • 250 g sukker
  • 250 g margarin
  • 2 dl sterk, avkjølt kaffe (gjerne espresso)


Bland alt saman i ei gryte, og rør med tresleiv. Rør heile tida over svak varme til det tjuknar. (dette tar tid…) Pass på varmen så det ikkje kokar. For mykje varme gjer at egga klumpar seg. Blandinga skal ikkje vere tjukk som ein graut.

Fyll ei brødform med mandelkubbar. Hell den varme sausen over og press saman med ei skei. La dette stå til neste dag. Dypp forma ein augneblink i varmt vatn, løys rundt kanten med ein kniv og kvelv den over på eit serveringsfat. Pynt med krem.

Tone sin bærkrem

  • 1/3 l kremfløte
  • 1 pk vaniljekrem (kanskje 1/2 liter?)
  • 1 pk pikekyss/marengs (200 – 250 g)
  • 1 liter bær (rips eller bringebær er veldig godt)


Pisk kremen, knus marengsen og bland alt saman. FERDIG!!! 🙂

Advertisements
    • Tove Halse Digernes
    • mars 2nd, 2008

    Kubbekaka høyrest fantastisk god ut – denne må prøvast! Men skal kubbane ligge fint dandert i forma, i fleire lag?

    • gunnhild
    • mars 2nd, 2008

    Absolutt kjempegod!!! Berre stable alle kubbane så godt som mogleg til forma er full. Eg har ei 2 liters form, og brukar å få eit par fire, fem kubbar til overs.

  1. Så bra! Veit ikkje kor mange gongar eg har vore ute denne oppskrifta og masa på deg og andre om å fote ho fram. No har eg ho alltid online! Dette er rett og slett ei perle av ei kake!

  2. Ja, veit som sagt ikkje om eg bryt nokre uskrivne reglar om å ikkje offentleggjere dei beste oppskriftene. Men, eg syns det er viktigare at folk bakar og lagar mat sjølv…..

    • Heidi
    • desember 7th, 2009

    Kubbekaken har fulgt meg siden jeg var liten ,, ser det er akkurat samme oppskrift som min mor har 🙂 den er bare kjempego

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: