Kven er eg

Eit lite forsøk på presentasjon;

Gunnhild Elisabeth heiter eg og er 39 år. Opprinneleg kjem eg frå den vakre sunnmørsbygda Ørsta der eg vaks opp som nummer sju i ein syskjenflokk på tolv. No bur eg på Eidsvoll med mi flotte familie (mann og to born).

familiebilete.jpg

Eg er utdanna allmennlærar (adjunkt++) med vekt på musikk, drama, religion og rådgjeving/sosialpedagogikk. Lærarutdanninga mi tok eg i Kristiansand og i Oslo.

Eg er for tida heime i påvente av vidare diagnostisering av diverse revmatiske lidingar. Når eg då likevel må bruke mykje tid på berre å kvile, har handarbeidslysta vakna til liv att. Eksponeringsbehovet, lysta til å sjå resultat, lære noko nytt og også å få anerkjennelse for det ein gjer, vart etterkvart så stort at bloggen vart fødd.

Januar 2009 starta eg på eit masterprogram i utdanningsledelse på Universitetet i Oslo. Etter planen skal  det vare i fire år. Dette har gjort at aktiviteten på handarbeidssida har gått drastisk ned. Eg får nokre abstinensprosjekt innimellom, og skal prøve å få dokumentert dei.

Naturen, og då spesielt fjella i Ørsta har eg alltid vore veldig glad i. Som utflytta ørsting er det likevel fjorden eg saknar mest. Her har eg samla bilete frå eit knippe naturperler. Bileta har eg lånt her og der, då stort sett alle mine bilete frå turane heime var frå før eg vart innhenta av den digitale tidsalder 😉

Liadalsnipa 924 (bratte)m.o.h

liadalsnipa.jpg

Raudøya. Ei perle i Ørstafjorden. Utsikt frå Liadalsnipa

raudoeya.jpg

Fjella ovanfor Ørsta sentrum. Eg har aldri komt meg på Kyrkjetinden, men dei andre fjella her har eg vore på monge gonger. Den høgste toppen her er Saudehornet 1303 m.o.h.

saudehornet.jpg

Utsikt frå Slogen 1564 m.o.h. mot Hjørundfjorden og Sæbø

slogen.jpg

Her har eg òg stått ein gong 🙂 Jaja, dette var dei bileta eg fann no. Kanskje kjem det fleire etterkvart?

Ellers er eg hobbypianist og hobbycellist. For tida støvar celloen ned, men det er alltid mogleg å starte igjen! 

Håper du finn glede i å lese det eg driv med, og spør gjerne om noko er uklart, så svarar eg såframt eg kan.

Advertisements
  1. Hei Gunnhild!
    Fin side. Nå fikk jeg litt mer tid til å se på den. Mye å tenke på her. Hils Eivind!
    Hege

    • gunnhild
    • januar 25th, 2008

    Hei igjen, Hege!
    Såg du hadde skreve kommentar medan eg heldt på å lage denne sida 🙂 Takk for demo. Den var kjempefin. Eg gler meg til å høyre meir når CD-en kjem!!! Du må seie ifrå dersom de planlegg ein konsert i austlandsområdet. Eg kjem iallefall!!

    • Tone
    • januar 28th, 2008

    Hei
    Ble nysgjerrig på denne fine bloggen din. Artig å lese. Synest forresten at Kristin hadde fått noen kjempefine tøfler. Minner bare om at jeg bruker str 38 og har bursdag 29 mars. Bare sånn at du er klar over det.

    • gunnhild
    • januar 29th, 2008

    Herved notert 😉

  2. Hei kjære svigerinne! Artig å sjå korleis du har bygd ut bloggen din! Eg har rett og slett innskrenka min, som du kanskje har sett. Med alt for lita tid til å berre skrive uformelt, fann eg ut at eg måtte rette den inn i mot det eg liksom skal arbeide mest med no for tid: fag. Kanskje ikkje så spennande for gode blogglesarar som dei eg har nærast, men eg håper likevel du stikk innom meg innimellom og legg til nokre betraktningar omkring ting. Elles håper eg vi ser dykk her på vakre Sunnmøre om ikkje så lenge? helsing Kristin – god og varm på føtene!

    • gunnhild
    • februar 14th, 2008

    Bra du fortsatt er varm på føtene 🙂

    Eg er stadig innom bloggen din, men er ikkje så flink å leggje igjen kommentarar på fagting merkar eg. Krev litt arbeid å setje seg inn i ein del av det, kanskje? Eller så er det berre latskap….. 😉

    Vi kjem ein tur til vakre Sunnmøre i vinterferien. Vi skal berre i ein barnedåp fyrst, så kjem vi plutseleg over fjellet, sjølv om det heilt uventa var meldt strålande vêr alle andre stadar enn på Sunnmøre i vinterferien!!!

    • Anna
    • desember 26th, 2008

    Hei.
    Vært inne og tittet litt på bloggen din. Blir imponert over alt det utrolig fine du produserer:)
    Har bare et spm angående de tovede sengeteppene dine. Hvor mange nøster med garn brukte du på det til enkeltseng? Utrolig fint:)
    mvh. Anna.

      • gunnhild
      • januar 9th, 2009

      Hei, Anna. Det har vore lite aktivitet her i det siste, men kjem snart sterkare tilbake. Eg brukte nok ca eit nøste på to ruter, eller kanskje litt mindre enn eit. Då vert det sånn ca 30 nøster på 60 ruter. Det hørtes veldig mykje ut. Hugsar ikkje heilt. Må sjekke det litt nærmare…

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: