Oppskrifter

Dei fleste tinga eg lagar vert laga utan oppskrift.Når eg då er ferdig har eg gløymt kor mange maskar eg la opp, kvar det var fellingar og så vidare.

Dette merkar eg er litt irriterande, så eg tenkte difor eg skulle prøve iallefall å få ned i stikkordsform kva eg har gjort.

Er det ei oppskrift du vil eg skal prøve å lure fram frå lillehjerna ein stad, er det berre å kome med ynskjer.

BABYTEPPE:

lite-teppe.jpg lite-teppe-detalj.jpg

Kvar rute er lagt opp med 20 maskar, strikka i glattstrikk 30 rader og så tova 25 ruter saman om gongen på 40 grader i vaskemaskin. Etter det har eg hekla kant rundt kvar rute med chili-garn med pinne 2,5. Til slutt har eg hekla alle rutene saman til teppet på biletet.

 

 

TØFLER:

o1.jpg

kristin-sine-toefler.jpg

Utangspunktet her er str 38/39.

Legg opp 64 masker på pinne nr 7. Strikk rett fram og tilbake 18 striper. Fell 13 maskar på kvar side. Strikk 18 striper til.

Felling: 2 maskar rett, og så 2 maskar saman ut pinnen. Strikk så 2 pinnar utan å felle. 1 maske rett, og så 2 maskar saman ut pinnen. Strikk så 2 pinnar utan felling. 2 saman ein heil pinne. Det trur eg eg gjorde til det var ei ca 5 maskar igjen. Snurp maskane saman og ta dei av. Så syr du saman.

For å få pynt på har eg gjort litt forskjellig. Det er berre å dekorere etter ditt eige hovud. Eg har vaska både på 40 grader og 60 grader alt etter kor små dei skal verte. Dei er lette å strekkje litt i våt tilstand. Eg har stort sett brukt fritidsgarn, for det syns eg tovar så godt og tett.

l1.jpg

040208-004.jpg

Tøflene vert veldig ulike om du vaskar ein og ein eller to saman, så gjer det alltid likt!! (Eg har prøvd!!!)

Eg har strikka nokre i str 41/42 også. Då la eg opp 70 maskar og strikka 22 rader. Hugsar ikkje kor mange eg felte dessverre.

Str ca 1 år:

  • legg opp 30 maskar
  • strikk 9 rader
  • fell av 6 på kvar side
  • strikk til saman 15 rader
  • fell av som dei andre

Baby:

  • legg opp 28 maskar
  • strikk 8 rader
  • fell av 5 på kvar side
  • strikk til saman 14 rader
  • fell av som dei andre

Desse vaskar eg på 60 grader

 

SERVIETTRINGAR:

dsc00866.jpg

Her trur eg at eg la opp 20 maskar på ein litt tjukk pinne (skikkeleg bra nøyaktig????) Så strikka eg glattstrikk 10 gongar (ein pinne= ein gong). Dettetter sydde eg saman kortsidene, og så langsidene slik at det vart ein ring. Så tova eg dei i maskin.

Etterpå vart dei pynta med streng og perler. Streng (ja, eller ståltråd) har eg brukt å kjøpe på blomsterbutikk. Den er veldig fin å bruke til slikt. Eg innbiller meg at eg brukte Vamsegarn på desse, men det er vel eigentleg ikkje så viktig. Ull er det iallefall!!

 

 

Advertisements
  1. Hei.
    Tusen takk for raskt svar.
    Da har jeg skrevet ut mønsteret.
    Kan jeg linke til deg når jeg legger inn bilde av tøflene på bloggen min?
    Hilsen Elin

  2. Sjølvsagt. Link i veg:-)

    • Josefine
    • september 21st, 2008

    HEI KJEMPEFINE GREIER!!!!!!

  3. Tusen takk! Jeg syns spesielt de tøflene dine var flotte, de så tykke ut!

  1. No trackbacks yet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: