18 år!

Medan eg har hatt ein liten datapause så har vi gjort unna ein liten svipptur til Kristiansand, handla kajakk og feira 18 års brullupsdag!

6.7 var den store dagen, men så råflott feiring lar vi andre ta seg av, så pizza i Arendal med alle fire var i grunnen veldig bra.

I fjor trakk eg fram «dagane» med Odd Nordstoga. I år vil eg gjerne dele ein god Joni Mitchell tekst som aldri vert gamal. Den skildrar kanskje ikkje mitt og Eivind sitt ekteskap på ein prikk, men teksta er likevel ein av mine absolutte favorittar, der den kanskje skildrar at verda ikkje alltid er det den ser ut til i fyrste omgong….. Eg gler meg til kvar dag med Eivind, og syns det er ganske fantastisk å stadig oppdage nye sider ved kvarandre og nye retningar vi kan gå… saman.

PS. Fekk du veldig lyst til å høyre denne no, så anbefalar eg 2000-versjonen veldig…..

Both sides now

Rows and Flows of angel hair
ice cream castles in the air
feather canyons everywhere
I’ve looked at clouds that way

But now they only block the sun
They rain and snow on everyone
So many things I would have done
But clouds got in my way

I’ve looked at clouds from both sides now
From up and down, and still somehow
It’s cloud illusions I recall
I really don’t know clouds at all

Moons and Junes and Ferris wheels
The dizzy dancing way you feel
As every fairy tale comes real
I’ve looked at love that way

But now it’s just another show
You leave ’em laughing when you go
And if you care, don’t let them know
Don’t give yourself away

I’ve looked at love from both sides now
From give and take, and still somehow
It’s love’s illusions I recall
I really don’t know love at all

Tears and fears and feeling proud
To say «I love you» right out loud
Dreams and schemes and circus crowds
I’ve looked at life that way

Oh but now old friends are acting strange
They shake their heads, they tell me that I’ve changed
Well something’s lost but something’s gained
In living every day

I’ve looked at life from both sides now
From win and lose and still somehow
It’s life’s illusions I recall
I really don’t know life at all

I’ve looked at life from both sides now
From up and down and still somehow
It’s life’s illusions I recall
I really don’t know life at all

Konkurranse, del 3

Ja, eg har blitt mint på kor mange nullar det er i en million. Men, som eg har sagt før så er eg eigentleg ein fanatisk tilhengjar av håplause prosjekt! Dette kan ein vel lett tilføye i ein slik kategori, men; eg (og forhåpentlegvis eit par andre) gir meg ikkje før eg har kome til en million situps (eller mageøvingar. Eg sit absolutt ikkje heilt opp!!!!!)

Så her er det berre å henge seg på for eventuelt nye sjåarar, og keep up the good work mine allereie gode medhjelparar!

Alle treng ein sterk mage for å få ein sterk rygg!!

Tren magen, og føy til på kommentarfeltet!

Konkurranse, del 2

Etter at ein gravemaskingrabb absolutt ville ta ein bit av internettkabelen vår har det vore stille her ifrå dei siste to vekene. Eg har ikkje trena mykje, men kan legge til 216 situps. Kjekt å sjå at de held ut! No har vi bestilt mobilt bredbånd, så no blir det vel litt meir liv i leiren frå neste veke.

I dag er eg og Peter på biblioteket og nyter godt av det trådløse nettverket der. I morgon vert Josefine 10 år! Så vi må vel snart heim å rydde og pynte til det.

2466 + 216 = 2682

ok. Eg lovar å ta 108 når eg kjem heim… 2682 + 108 = 2790.

Hjalmar, Kristin eller Guro: ein av dykk klarer vel å runde 3000 🙂

Konkurranse!

Ja, her er det ikkje mykje aktivitet for tida. Eg les og skriv så mykje eg kan, og data begrenser seg for tida til aviser,  it’s learning og…. facebook. Prøver å begrense det også. Korleis kan eg vel lære borna godt nettvett, og samstundes forsvare timar framfor dataen med eigentleg ganske så perifere vener….?

Jaja. tilbake til konkurransa. Eg har som de kanskje veit vore dårleg dei siste åra, og har kome til at eg må gjere det eg kan for å få så gode dagar som mogleg. Dette medfører jobbing med helse og vekt…. Mykje vondt = lite aktivitet = alt for mange kilo = endå dårligare helse….

Så her godtfolk er konkurransa: Eg trenar ryggen kvar dag, og då må ein også trene magen. Kor lenge går det før vi klarer å nå 1 000 000 situps?

Eg tek 108 situps i det vanlege treningsprogrammet. Det er ikkje alle dagar eg gjer det, men skal prøve å gjere det kvar dag. Det høyres mykje ut med 108, men det er med korsryggen i golvet heile tida!!! 3X12 rette og 3X12 skrå høgre og venstre. Har du tatt situps ein dag så før det på i kommentarfeltet, så får nestemann plusse på sitt i neste kommentar.

Blir det ingen andre med så tek det meg 9254 dagar å nå målet, eller 25 år!!! Så dette er vel eigentleg eit fullstendig urealistisk mål, men slikt likar vi 🙂

God trening!

Utdanningsnytt.no

Eg har som ein del av dykk veit no fire års handarbeidspause. Eg har starta på masterstudiet i utdanningsledelse, og tenkte at all ledig tid burde gå til lesing og skriving istadenfor handarbeid. Vi får sjå om det held…

Uansett så vil eg leggje ut ei lenkje her til den fyrste offentlege meiningsytringa mi 🙂

Vi vert på studiet «tvinga» til å sende oppgåver til «autentiske mottakarar», ei ny, nifs og artig oppleving. Denne kronikken er vel verken vanskeleg å vere einig i eller spesielt revolusjonerande. men, god trening i å meine noko offentleg.

Her er innlegget


Julegåvene 2008

I 2008 har eg som før hatt fleire julegåveprosjekt gåande samstundes. Eg trudde eg hadde berekna god tid, men jammen kom eg ikkje i tidsnød siste vekene likevel!! Eg får vel skulde litt på kranglete fingrar og hender som sette seg heilt på bakbeina i innspurten. Eg vart som vanleg ikkje heilt fornøgd med alle produkta, og som vanleg har eg også gløymt å ta bilete av dei fleste før eg sende dei frå meg 😦 Men,men. Eg legg inn bilete av dei eg har her som ikkje vart ferdige, og Oddmar og Maren si julegåve som enno ikkje er komen i posten!!!! Jaja, kanskje kjekt med julegåver i februar også???

Adventskalender anno 2008

dsc01136

Her er årets utgåve av adventskalenderen!

(Endeleg har eg fått lagt inn bilete igjen, takk Synnøve!!)