Miamor sine «labbar»

Ja, eg måtte stjele biletet frå Marit sin blogg, då eg gløymde å ta bilete før eg sende dei.

Dette er det siste tilskuddet på tøfletreet, men eg trur ikkje eg skal bruke fritidsgarn til pynt. Det vart litt for «tett» etter min smak. Men, men. Kos deg med tøflene, Marit! Og, gratulerer med overstått!

P.S (I heimen har vi framleis datatrøbbel, men er no på besøk hos mamma og pappa, og dei har ikkje datatrøbbel 😉 )

Datatrøbbel 2

Ja, i sommar har vi vorte veldig godt kjend med fenomenet torden. Vi hadde ei periode med særs mykje av sorten, og som følge av det så var vi ei stund internettlause. Ny router og diverse jobbing med nabonettverket vårt gjorde at internett no har verka lenge, med eit par kjedelge unntak. Så lenge vi ikkje skal laste opp noko frå maskina vår går det bra. Sider med passord går ikkje alltid, og oppdatering av bloggen går heller ikkje.

Men, for alle som lurer er produksjonen med nål og pinnar på topp. Julemodus er skrudd på for lenge sidan. Prototypane er ferdige, og masseproduksjonen er i gong. Forhåpentlegvis kjem det snart bilete 😉

17 år!

Eg og Eivind har no vore gift i over 17 år!!

Akkurat på bryllupsdagen den 6.7 var vi fire i Umeå på veg heim frå årets bilferie.  Bileter får kome seinare….

Ein liten kjærleikssong er vel på sin plass. Denne av Odd Nordstoga har ei nydeleg tekst og ein fantastisk melodi.

DAGANE

Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv
Og kvar dag den var av sølv,
for du gylte kvar ein augneblink med hugen fri
Og blenda var eg med på reisa di

Dagar som sand ut av hendene renn
Om du tvilar, ja, så kjenn
Den eine som den andre ut i vinden fer,
og tida som me har den reiser der

Lov meg å vera hjå meg all din dag
Ja, det lova me i lag
Så gav eg deg ein ring, ja det var lettvint gjort
Så luskar og den dagen stille bort

Så langt
Så langt
Så som vinden greier å jaga bylgjene blå
Der skal eg fylgje de, min venn
Der skal me finne dei igjen

Og ute luskar styggen
og skiljer deg frå meg
Og visste me, så hadde me
nok kome oss i veg
Og eg ha» bore deg på armen
gjennom skog og over fjell
Og du ha» halde meg i handa
gjennom juv og myrke gjel
Og eg ha» strekt meg etter deg
og du ha» strekt deg etter meg

Så langt
Så langt
Så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå
Der skal eg fylgje deg, min venn
Der ska me finne dei igjen.

Eg har trudd at teksta var :» Og eg HAR bore deg på armen….» Kanskje får teksta litt anna betydning hvis det er HADDE istaden. Men, men. Eg vel å høyre HAR…. 🙂

Å beskrive eit samliv i få ord er ikkje lett, men at eg kvar dag vaknar saman med min beste ven er eit stort privilegium. Vi har mange og lange kaffestunder ved kjøkenbordet og vert aldri tome for interessante tema å diskutere… 17 år er kanskje lengje, men det har gått fort, og eg ville ikkje ha bytta vekk ein einaste dag.

Award :-)

Takk til deg, Tove! www.tovehd.blogspot.com

Veske til bry

Eg har strikka ny veske. Den vart fin den, med fôr og to glidelåslommer. Ei lita til mobilen, og ei større til lommeboka.

Problemet såg eg fyrst etter den var ferdig og tatt i bruk. Eg har ingenting som passar til veska!!! Rosa og brun! Hallo! Ikkje akkurat det eg finn mest av i hyllene her, nei. No for tida trivst eg best i ein kongeblå topp. (dårleg kombinasjon). Elles brukar eg mykje raudt (ikkje mykje betre). Nei. Eg må nok tenkje litt lenger før eg set i gong med neste prosjekt. Eg får lage fôr til den gamle, grå veska mi. Den sklir litt lettare inn. Så får eg sjå om det blir litt brunt og gammelrosa i garderoben etterkvart. Eg tvilar litt…..

…tidelibom…

Gratulerer med dagen alle saman!

Jepp, det er 17. mai, kl er 06.55 og DET SNØR!!!! Heldigvis har meldingane om massivt regn vorte modererte, men regnet (les; snøen) skal etter yr.no sine prognoser kome akkurat medan barnetoget er ute og togar. Borna har fått nye paraplyar, så får eg og Eivind grave litt i skuffer og skap og sjå om vi klarer å finne fram ein paraply vi også.

Skramleorkester

Fyrste søndag i månaden går vi på Storsamling på Råholt menighetshus. Der kosar vi oss alle fire, og har funne eit miljø vi trivst i. Eg spelar som oftast piano på samlingane, og kvar gong før borna går ned på søndagsskule så syng vi ein song «Jeg vil dele min glede». På denne songen tenkte eg vi kunne få borna med litt meir aktivt. Difor har eg tenkt at vi skulle adoptere ein idè frå frikyrkja i Ørsta, der borna er med å spelar på rytmeinstrument under songane på familiegudstenestene.

Rytmeinstrumenta treng ein plass å oppbevarast, så eg har hekla ei «rytmeinstrument-korg» som vi kan bruke å oppbevare instrumenta i. No har eg fått rydda skikkelig opp i restetrådane mine. No er eg klar for å starte med nye fargar ! 🙂 Det var ein ekstra bonus. Bileta vart dårlege, men eg legg dei inn likevel.

Ja, så måtte eg ha litt ekstra instument, så nokre gamle fetaostglas og ballongar har blitt fylt med makaroni, perler og ris. Her er fetaostglaset med ris. Det vart finare og fekk litt betre lyd når eg pynta med perler rundt.

Eg har og brukt decoupage-lakk og dekt eit fetaostglas som det var makaroni inni. Så tok eg å fylte ein ballong med ris og perler, bles den litt opp, og dekte den med serviettbitar og lakka med decoupage. Det vart veldig bra lyd!! Anbefalast! Men, eg hadde litt lite lakk igjen, så den må behandlast forsiktig. Eg får styre den mot ein av dei større borna 🙂